Distriktssenteret søkjer ein saksbehandlar som skal arbeide med støtteordningane i Merkur-programmet.
Merkur-programmet er eit svært treffsikkert distriktspolitisk verkemiddel. Programmet gir økonomisk støtte og kompetansepåfyll til kring 560 nærbutikkar og 70 bokhandlar i Distrikts-Noreg. Dei siste åra har programmet bidratt til omfattande innovasjon. Distriktsbutikkane har gått frå å ligge etter til å vere drivarar i den teknologiske utviklinga.
Stillinga har kontorstad på Leikanger i Sogndal. Du vil samarbeide med kolleger på alle dei tre kontora våre, i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger.
Som saksbehandlarar skal du sikre at støtte blir gitt til rett mottakar i samsvar med gjeldande reglar og prioriteringar. Gjennom rettleiing av butikkar og Merkur-konsulentar vil du vere med på å løfte kvaliteten på søknader og sikre god og effektiv behandling.
Som saksbehandlar vil du jobbe mykje med:
Sakshandsame søknadar om støtte og utbetalingsførespurnadar.
Gi råd og rettleiing til butikkane og Merkur-konsulentane.
Følge opp tilsegn om støtte.
Følge opp budsjett for Merkur-området
Etablere og følgje opp rutiner for saksbehandling og rapportering.
Vi ser etter deg som
har økonomi- og/eller jusutdanning, gjerne på bachelornivå. Erfaring kan erstatte formell utdanning.
har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og eit bevisst forhold til klarspråk og beherskar begge målformer.
møter butikkar og konsulentar på ein trygg og kompetent måte.
er flink til å bruke digitale verktøy, gjerne Excel og Power BI, og har lett for å ta i bruk nye verktøy.
Det er en fordel om du har erfaring med
sakshandsaming og forvaltning av offentlege verkemiddel
rådgjeving
regionalforvaltning.no
Personlige eigenskapar vi legg vekt på
Du er løysingsorientert, strukturert, omgjengeleg og lett å kommunisere med.
Du har god vurderingsevne og evnar å sjå moglegheiter.
Du er sjølvstendig, men jobbar også godt saman med andre.
Det er ein fordel om
samfunnsoppdraget vårt engasjerer deg.
du kjenner deg att i verdiane våre – kompetent, engasjert og folkeleg.
I Distriktssenteret får du
godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape resultat saman.
arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spanande samfunnsoppdrag.
varierte arbeidsoppgåver og hyppig bruk av moderne digitale verktøy.
fagleg utvikling, fleksibel arbeidstid og familievenleg personalpolitikk.
trening i arbeidstida.
medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av landets beste pensjonsordningar.
konkurransedyktig løn.
Meir om Merkur-programmet
Målet med Merkur-programmet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.
Programmet arbeider for at nærbutikkane skal få tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Merkur-programmet har både kompetanse og økonomisk støtte som verkemiddel. Ein viktig del av Merkur-programmet er våre 10 Merkur-konsulentar som følgjer opp butikkar i heile landet.
Les meir om Merkur-programmet www.merkur-programmet.no
Gjør deg mer kjent med oss på distriktssenteret.no og merkur-programmet.no
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi inn minst éin søkjar i kvar gruppe til intervju.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå å bli ført opp i offentleg søkjarliste, må du forklare kvifor. Opplysningar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje stå på søkjarlista. I så fall vil vi varsle deg først.
Kontaktperson for stillingen
Steinar Fredheim
Fagdirektør
+4748168274
steinar.fredheim@kdu.no
Om bedriften
Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar sin evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.
Bygdeutvikling gjennom butikkutvikling står sentralt i dette arbeidet med Merkur-programmet som eit viktig verktøy.
Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.
Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende ein søknad!