Har DU lyst til å bli vår nye kollega på helg? Er du student innan helsefag eller har du helsefagleg utdanning?
Seksjon S4 avdeling for psykose er ein lukka psykosepost med 12 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakeleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Vi jobbar i team saman med psykiater, psykolog, sosionom og milijøpersonell rundt kvar pasient. Vi jobbar tett saman med behandlings-aparatet ute for å sikre ein god og rask utskriving til eigen bustad eller anna behandlingstilbod. Psykiatrisk klinikk har som ambisjon og vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling, pasientryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.
Vi har no 5 ledige stillingar som assistent på helg med arbeid pt. kvar 3. helg.
Kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
28.09.2025
Helse Bergen HF
Bergen
Assistent på helg
5
Deltid
Fast
14
5006949455
Arbeidsoppgåver
- Fokus på å skape gode relasjonar til pasientane og gje god miljøterapautisk omsorg
- Gje pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga
- Tverrfagleg teamarbeid
- Observere og dokumentere
- Praktisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Vi ønsker at du har helsefagleg utdanning/studieretning
- Søkarar må vere over 21 år
Personlege eigenskapar
- Du er punktleg og påliteleg
- Du har god kompetanse på mellommennskelege forhold
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk er imøtekomande og viser respekt
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du må vere personleg eigna til arbeidet
- Du må vere i stand til å ta imot rettleiing og følge avdelinga sine retningslinjer
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar
- Relevant opplæring
- Kursing i MAP (Møte med Aggresjons Problematikk)
- Høgt fagleg nivå
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.