Avdelingsleiar

DeepOcean
Vestland
Full time
1 dag siden
Kasa ungdomssenter, avd. Hop, Bufetat

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Avdelingsleiar

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest søndag 7. september

Brenn du for å støtte ungdom i krevjende livssituasjonar? Vi søkjer deg som er trygg, fagleg sterk og klar for ein kvardag med både faglege utfordringar og meining. Er du fleksibel og omstillingsdyktig? Då kan du vere den vi søkjer etter.

Ved Kasa ungdomssenter, avd. Hop, er det ledig ein fast 100 % stilling som avdelingsleiar frå 1. oktober 2025.

Vi ønskjer ein avdelingsleiar som vil gjera ein forskjell for ungdomar i ein krevjande situasjon og ser viktigheita av å arbeide systematisk og fagleg.

Kasa ungdomssenter er eit omsorgstiltak i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Vi tek i mot plasseringar etter Lov om barneverntenester § 3.1./3.2 og § 5.1 jfr. barnevernlova.

Kasa ungdomssenter skal gjennom traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi etablera profesjonelle omsorgsrammar som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har i dag fem avdelingar: på Sandsli, Hop, Tertnes, Morvik og Flatøy, med til saman 17 plassar.

Frå hausten 2025 skil avdelingane lag, og avdeling Hop vil då inngå som ein del av eit nyoppretta senter i Bufetat region vest saman med Eikelund ungdomssenter, Skjoldvegen Skjold og KASA Sandsli. Senteret er ein del av ei nasjonal pilotsatsing og byggjer mellom anna på tilrådingane i NOU 2023:24 Med barnet heile vegen.

Sentermodellen vil bestå av fire ulike institusjonar innanfor eit avgrensa geografisk område som utgjer ei større eining. Målsetjinga er at barna skal få tverrfagleg støtte gjennom heile opphaldet hos oss, større stabilitet i butilbodet, redusera uønska flyttingar og skapa ein tryggare og betre kvardag for ungdomane som bur i senteret. Senteret vil bruka kompetansen til tilsette fleksibelt i forhold til avdelingane på senteret og det samla behovet til ungdomane.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.

Arbeidsoppgåver
Kva inneber stillinga som avdelingsleiar?
Fagleg ansvar for avdelinga.
Bidra til å sikre utvikling og gjennomføring av overordna mål og strategier i samarbeid med leiar.

Ansvar for personalarbeid, med fokus på opplæring, rettleiing, sykefraværsoppfølging, bemanning og turnus.

Ansvar for inntaksarbeid i henhald til einingas målgruppe og rammar.
Leie tiltaket sitt omsorgs- og endringsarbeid, knytta til traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi.

Ansvar for både strukturell og behovsprøvd rettleiing av personalet.
Skape gode prosessar samt å leie, motivere og følgje opp eigne medarbeidarar på ein god måte.

Samarbeid med familie, nettverk, kommune, skule, helse og andre viktige instansar.

Ansvar for rapportering og internkontroll for eiga avdeling.

Økonomi- og administrasjonsansvar for avdelinga.

Samarbeid med tillitsvalgte og verneombod.

Deltaking på Bufetat leiarskule.

Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet på Kasa ungdomssenter/Sentermodellen. Avdelingsleiar rapporterar til einingsleiar.

Kvalifikasjonar
Minimum tre års utdanning frå høgskule/universitet med bachelorgrad som barnevernpedagog, sosionom eller vernepleiar, eller 180 stp innan sosialfag. Anna relevant bachelorutdanning vil også bli vurdert.
Relevant erfaring frå gjennomføring av dagleg drift, herunder planlegge, evaluere og beslutte innan eige ansvarsområde.
Erfaring frå relevant institusjonsarbeid og personleg eignaheit for stillinga.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Gode IKT ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
Førarkort for bil.

Ønskjeleg med:
Minimum 15 stp innan leiing og administrasjon.
Relevant vidareutdanning.
Relevant leiarerfaring frå institusjonsdrift eller anna erfaring med personaloppfølging.
Formell rettleiingskompetanse.

Det vert stilt store krav til kommunikasjon og samarbeid i eiga eining, i Bufetat og i høve til eksterne samarbeidspartnarar. Avdelingsleiar må kunne legge til rette for gode arbeidsprosessar, motivasjon og utvikling av eigne medarbeidarar.

Personlege eigenskapar
Du som søkjer...
Har gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og utvikling.
Står støtt i endring og utvikling over tid.

Har evne til å engasjere og motivere medarbeidarane til kunnskapsbasert arbeid.

Har ei positiv innstilling og evne til å sjå løysingar.

Har gode evner til å gjere gode vurderingar, samt ha evne til å oppnå gode relasjonar.

Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, samt ha evne til å samarbeide godt med interne og eksterne partar.

Vi tilbyr
Stillinga er i eit spanande fagfelt der du er viktig i samfunnsoppdraget for å gje ungdom i institusjon moglegheiter til eiga utvikling i trygge rammar.

Stilling som avdelingsleiar er plassert i statleg lønsregulativ som kode 1407 avdelingsleiar, p.t. kr 670 000 - 750 000 pr. år.
Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Opplysningar til deg som søkjer

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.

Stillinga er for tida lagt til Kasa ungdomssenter, avdeling Hop.

Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.

Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

For å bli vurdert som søkjar må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Kjetil Johnsen, Einingsleiar, 98295962, kjetil.johnsen@bufetat.no

Arbeidssted
Solheimsgaten 11
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 5006233763
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025

Kontaktperson for stillingen

Kjetil Johnsen

Einingsleiar

98295962

kjetil.johnsen@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor

Offentlig

Nettsted

http://bufdir.no/

Annonsedata

Stillingsnummer

e261b592-e143-47b5-90d8-3c90b057e576

Hentet fra

talentech

Referanse

40dc0f21a9624ee2a3484d975b3927ad
Apply
Other Job Recommendations:

Avdelingsleiar bufellesskap Måløy

DeepOcean
Vestland
Du samarbeidar tett med tenesteleiar, og deltar på vekentege møte Du samarbeidar med ulike interne og eksterne samarbeidspartnarar...
1 uke siden

Avdelingsleiar heimesjukepleie / heimehjep, område Stryn

Stryn kommune
Vestland
Vi har ledig fast stilling som avdelingsleiar i avdeling for heimesjukepleie og heimehjelp, område Stryn. Avdelingsleiar er med i...
2 uker siden

Avdelingsleiar

DeepOcean
Region Midtjylland
Vi har ledig eit års vikariat for avdelingsleiar og søkjer deg som ønskjer å leie ei stor og spennande avdeling med stor breidde...
1 uke siden

Avdelingsleiar på ungdomstrinnet

DeepOcean
Rogaland
Leiter du etter ei allsidig stilling i lag med dedikerte vaksne og kjekke elevar? Då håper vi du vil søka hos oss! Vi søker ein...
5 dager siden

Avdelingsleiar Knarvik barneskuleskule

DeepOcean
Vestland
Skulen vart teken i bruk i mai 2019 og framstår som ein topp moderne skule der alt ligg til rette for å skapa eit godt...
1 dag siden

Avdelingsleiar for førebyggjande tenester

DeepOcean
Vestland
Førebyggjande tenester skal vere eit "kraftsenter" i kommunen og innbyggjare skal få den hjelpa dei treng på èin stad Avdelinga er...
2 uker siden

Visual Merchandiser Manager

Arket
Oslo
  • Supporting the sales team in daily store operations and...
  • Acting as a brand ambassador, ensuring every visual element...
1 dag siden

Regnskaps- og administrasjonskonsulent

DeepOcean
Sandefjord
Er du en effektiv og strukturert person som motiveres av varierte oppgaver og høyt tempo? Har du utdanning og erfaring innen...
1 dag siden

Rådgiver i digital sikkerhet - Trondheim eller Tromsø

Sopra Steria
Trøndelag
  • Rådgivning innen risikostyring, virksomhetskontinuitet og...
  • Modenhetsvurderinger, risikovurderinger og utvikling av...
1 dag siden

Møller Bil Minde søker Produksjonsleder

MøllerGruppen
Vestland
Møller Bil er en del av Møller Mobility Group (MMG) som er det ledende bilkonsernet i Norden og Baltikum og har etablert seg som...
1 dag siden