Skjoldvegen 51, 5221 Nesttun, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest mandag 18. august
Vil du leie med både hjarte og retning – og gjere ein forskjell for ungdom i ein sårbar livssituasjon?
Bufetat, region vest, har no ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Skjold. Arbeidstid er frå 08:00-15:30, med oppstart frå snarast etter 01.09.25.
Skjoldvegen barnevernsenter består i dag av tre avdelingar; Skjold, Søfteland og Fyllingsdalen. Frå hausten 2025 skil avdelingane lag, og avdeling Skjold vil då inngå som ein del av eit nyoppretta senter i Bufetat region vest saman med Eikelund ungdomssenter, KASA Sandsli og KASA Hop. Senteret er ein del av ei nasjonal pilotsatsing og byggjer mellom anna på tilrådingane i NOU 2023:24 Med barnet heile vegen.
Sentermodellen vil bestå av fire ulike institusjonar innanfor eit avgrensa geografisk område som utgjer ei større eining. Målsetjinga er at barna skal få tverrfagleg støtte gjennom heile opphaldet hos oss, større stabilitet i butilbodet, redusera uønska flyttingar og skapa ein tryggare og betre kvardag for ungdomane som bur i senteret. Senteret vil bruka kompetansen til tilsette fleksibelt i forhold til avdelingane på senteret og det samla behovet til ungdomane.
Skjoldvegen barnevernsenter er eit omsorgstiltak for ungdom i alderen 13–18 år, og tek imot ungdom med vedtak etter Lov om barnevernstenester §§ 5-1 og 3-2. Avdeling Skjold har plass til 6 ungdomar. Gjennom traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen skapar vi trygge rammar som legg til rette for utvikling og endring. Omsorg- og endringsmodellen (OEM). Modellen byggjer på kognitiv terapi og dialektisk åtferdsterapi (DBT). Avdeling Skjold har eigen fagansvarleg som følgjer opp modellen i det daglege.
Arbeidsoppgåver
Dagleg ansvar for avdelinga, herunder planlegge og sikre effektiv turnusdrift gjennom året.
Fag- og personaloppfølging, samt ansvar for internkontroll.
Leie, motivera og følgje opp dei tilsette.
Sikre at avdelinga vert drifta innafor dei administrative og økonomiske rammane, og rapportera i tråd med dette.
Følgje opp faglege føringar og sikra dei i nedfelte rutinar og praksis.
Leie tiltaket sitt omsorgs- og utviklingsarbeid knytt til Traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen.
Sikra godt arbeidsmiljø saman med dei tilsette.
Kvalitetssikring av drift og arbeidsprosessar.
Sikra godt samarbeid internt og eksternt, blant anna med familie, nettverk, kommune, skular og andre viktige samarbeidsinstansar.
Stillinga inneber at du må ha kompetanse på både barnevern og leiing som fagområde. Du må ha erfaring frå døgndrift. Du vil verta utfordra på å levere godt innafor oppdraget, samstundes som det forventast at du er ein pådrivar og sentral bidragsytar med tanke på å utvikle organisasjonen i tråd med kvalitetskrav i eit kunnskapsbasert perspektiv.
Fordi du skal sette retning for avdelinga må du ha evne til å engasjere og motivera, parallelt med at du er både lyttande og handlekraftig.
Som avdelingsleiar på Skjold får du ei nøkkelrolle i å leie, støtte og utvikle eit fagleg sterkt og dedikert team. Du vil vere ein del av eit miljø der vi er stolte av det vi gjer – og der vi aldri gløymer kvifor vi gjer det: for ungdommen.
Vi ser etter deg som:
Har solid kompetanse innan barnevern og leiing.
Har erfaring frå døgndrift og forstår kompleksiteten i målgruppa.
Er ein trygg og tydeleg leiar som evnar å motivere og engasjere.
Er både lyttande og handlekraftig – og som ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
Hos oss får du:
Ei stabil personalgruppe med hjarte for ungdom og blikk for faget.
Ein arbeidsplass forankra i verdiane respekt, openheit og deltaking.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling, rettleiing og støtte.
Ein meiningsfull kvardag der du får vere med å forme framtida – både for ungdom og for organisasjonen.
Er du klar for å ta leiarskap som betyr noko? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:
Minimum fullført bachelor som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar (180 studiepoeng). Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
Vidareutdanning i leiing eller annan relevant vidareutdanning med min. 15 stp. er ønskjeleg.
Erfaring frå Omsorg- og endringsmodellen er ei stor føremon.
Erfaring frå å planlegge, evaluere og beslutte inna eiga fag- og ansvarsområde.
Krav til god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Gode IKT ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
Førarkort for bil.
Det er ønskjeleg med:
Relevant leiarerfaring frå institusjonsdrift.
Erfaring med personaloppfølging.
Personlege eigenskapar
Du har gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og omstilling.
Du står støtt når naudsynte endringar skal gjennomførast.
Du evnar å engasjera og motivera medarbeidarar til kunnskapsbasert arbeid.
Du har ei positiv innstilling og er løysingsorientert.
Du har gode analytiske ferdigheiter og evne til refleksjon.
Du har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert.
Du er robust i ein tidvis kompleks, travel og krevjande arbeidskvardag.
Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt for denne stillinga.
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr 670 000 - 750 000 pr. år.
Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Ein spanande arbeidsstad på Skjold når vi nå går inn i eit nytt senter med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter.
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enno betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
Godt tverrfagleg miljø.
Opplysningar til deg som søker:
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Skjold, med overgang til nytt senter pr. september 2025.
Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Toril Dyngen, 46615516
Arbeidssted
Skjoldvegen 51
5221 Bergen
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Bufetat
Referansenr.: 4997836013
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Toril Dyngen
46615516
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen