Bygstad barnehage ligg landleg til med mange turområde i nærmiljø. Vi har eit godt bygg, med god plass.
Barnehageåret 2025 – 2026 har barnehagen 3 avdelingar i drift, ei småbarnsavdeling, ei avdeling med både små- og store barn, og ei avdeling for store barn.
Bygstad skule og Bygstadhallen ligg rett attmed barnehagen, og vi nyttar oss av begge deler. Vi har ei grillhytte i skogen, der alle i barnehagen har lett tilkomst.
Vi har ledig:
- 55 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar
Krav til søkar:
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Andre med interesse for arbeid i barnehage kan søke kan søke på stillinga.
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Du må legge fram gyldig politiattest av ny dato før du tiltrer stillinga.
Vi søker deg som:
- er flink til å planlegge og gjennomføre pedagogisk arbeid, og å arbeide målretta for å fremje læring og opplæring
- nyttar digitale verktøy på ein trygg måte i det daglege arbeidet
- kan bygge tillitsfulle og varme relasjonar med barn og vaksne, og viser omsorg i møte med andre
- har tryggleik og erfaring i å rettleie enkeltbarn og leie barnegrupper på ein inkluderande og utviklande måte
- tek ansvar for eigne oppgåver, og samarbeider godt i team
- bidreg med idéar og løysingar som fremjar utvikling og eit godt fagleg miljø
Barnehagen kan tilby deg:
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og stabile medarbeidarar
- vi legg vekt på humor og det å by på seg sjølv
- å bli del av eit team med fagleg utvikling og læring
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Velkome som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden