Om stillinga
Sveio barnehage er ein kommunal barnehage som ligg sentrumsnært. Me har kort veg til naturområde, vatn, bibliotek, skule, symjehall, idrettsanlegg, Salamanderpark og kjøpesenter. Vi har 3 avdelingar med for tida 50 barn fordelt på tre avdelingar, 1-6 år.
Visjonen vår er: Robuste barn meistrar livet.
Vi har fokus på natur, bærekraft og kosthald.
Vi har aktivt og engasjert personale som brenner for arbeidet sitt. Dei tilsette har høg kompetanse og lang erfaring.
Vi er med på Regional kompetanseheving saman med høgskulen HVL der vi arbeider målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd med fokus planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet.
Vi søker nå vikar som barnehagelærar i ein 20% stilling i perioden frå 15.09.2025 til 14.08.2026.
Arbeidsoppgåver
- bidra med, og setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
- planlegge, gjennomføre og dokumentere , vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa
- rettleiing av personale
- foreldresamarbeid
- tverrfagleg samarbeid
- prosjektarbeid/utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- ha gode norsk-kunnskaper
- oppnådd nivå A2 på delprøven i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvane i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
- godkjent 3 årig barnehagelærer utdanning eller annan relevant utdanning som kvalifiserer for arbeid som pedagog i barnehage
- levere godkjent politiattest ved oppstart
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar, som at du:
- er motivert, kreativ, godt humør og kunne undre seg saman med barna
- har god relasjonskompetanse og god omsorgsevne
- er fagleg sterk og gode samarbeidsevner
- ynskjer å være med å vidareutvikle barnehagen og være med i endringsprosessar
- kan arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
- har god forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid
- er glad i friluftsliv og å være ute
- har evne til å væra ein tydeleg rollemodell for barn og vaksne
Vi tilbyr
- kompetente og dyktige kollegaer
- eit utviklande og spennande arbeidsmiljø kor ein fram-snakkar kvarandre og har positive forventningar til kvarandre
- lønn etter gjeldande tariff
Om Sveio kommune
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Spørsmål om stillinga
Kristin Tveit Beiermann
Styrar i Sveio barnehage
+4740048148
kristin.tveit.beiermann@sveio.kommune.no
Søknadsfrist
10. september 2025
Arbeidsgivar
Sveio kommune
Kommune
Omfang
Fast prosent (20%)
Varigheit
Vikariat/mellombels
Arbeidsstad