Torget 3, 6885 Årdalstangen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Dagleg leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bygg di eiga røyrleggjarbedrift - i samarbeid med oss
Årdal Rør & Sanitær AS søkjer ny arbeidande dagleg leiar. Me ser etter deg som ønskjer
meir enn berre ein jobb - du ønskjer å vera med på å eiga, utvikla og byggja opp di
eiga verksemd.
Den rette kandidaten vil få tilbod om 15 % eigarskap i selskapet og vil spela ei nøkkelrolle i
framtida til Årdal Rør & Sanitær.
Arbeidsoppgåver • Leie og utvikla den daglege drifta • Vere ein synleg og arbeidande leiar i oppdrag og prosjekt • Kundekontakt og tilbodsskriving • Personalansvar og rekruttering • Økonomisk og administrativ oppfølging Kven er du? • Har fagbrev som røyrleggjar - gjerne med teknisk utdanning i tillegg • Har relevant erfaring - gjerne som leiar, prosjektleiar eller sjølvstendig røyrleggjar • Er strukturert, ansvarsfull og god på kundedialog • Har førarkort klasse B • Har lyst å vera med å forma framtida for ei lokal bedrift Me tilbyr • Tilbod om 15 % eigarskap i selskapet • Stor fridom og påverknadskraft • Konkurransedyktige vilkår • Moglegheit for firmabil og telefon • Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter • Ein spanande kvardag i ei etablert, men nytenkjande bedrift
Om bedriften
Me har levert røyrleggjar-tenester i over 20 år og held til i nyoppussa butikklokale midt i
Årdalstangen sentrum. Verksemda har i dag fire tilsette og éin lærling, og me opplever stor
etterspurnad etter tenestene våre.