Danselærar i kulturskulen

DeepOcean
Region Midtjylland
Part time
22 timer siden
Austrheim kommune

Sætremarka 2, 5943 Austrheim, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Danselærar i kulturskulen

Type ansettelse

Fast, deltid 15%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest mandag 1. september

Om stillinga

Det er ei fast 15,38% stilling i dans ved Austrheim kulturskule med oppstart frå 15.09.2025. Me søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig danselærar som vil ha ansvar for å utvikle, planlegge og gjennomføre all danseopplæring ved skulen.

Austrheim Kulturskule har per i dag 7 tilsette og ca 120 elevplassar innan kunst og musikk. «Kulturskule for alle» er vår visjon, og vi arbeider med å utvikle kulturskulen for ei brei målgruppe gjennom heile livsløpet. Me held til i trivelege lokale, samt har undervisning på begge dei to skulane i kommunen. Som tilsett hjå oss vil du vere ein pådrivar i utviklinga av dansefaget, og samtidig arbeide tett med det øvrige kollegiet som dannar det profesjonelle lærlingsfellesskapet.

Arbeidsoppgåver
Ansvarleg for å utvikle og promotere det nyoppretta dansefaget i Austrheim kulturskule, i samarbeid med leiar.
Undervisning av elevar i ulike aldersgrupper.
Undervisning i ulike sjangrar/stilartar.
Ansvar for danseførestillingar og andre produksjonar, i samarbeid med andre tilsette i kulturskulen.
Undervisninga føregår i samsvar med rammeplanen for kulturskulen.

Kvalifikasjonskrav
Relevant høgare utdanning innan dans. Anna relevant utdanning og undervisningserfaring kan også vektleggast.

Det er eit ønskje om pedagogisk utdanning.
Det er ønskjeleg med allsidig undervisningskompetanse i store delar av dansefaget si breidde med tanke på uttrykk og stilartar.

Kven ser me etter?

Det søkjast etter ein allsidig dansepedagog, gjerne med evne til å undervise i fleire sjangrar.

Med ein positiv innstilling og stor interesse for å arbeide med elevar i alle aldrar, er du engasjert i faget og har gode evner til kommunikasjon, samarbeid og fleksibilitet.

Som einaste lærar i faget vil du vere med på å byggje opp dansetilbodet i Austrheim. Det er derfor ønskjeleg at du kan arbeide sjølvstendig og målretta innanfor dei rammene som gjeld for kulturskulen.

Du har evne til å byggje gode og trygge relasjonar til elevar, føresette og kollegaer, og du bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø. Du tek ansvar for å skape ein inkluderande og støttande kultur

Me tilbyr
Ei variert og meiningsfull stilling der du både får arbeide tett med barn og unge, og vere med på å skape eit mangfaldig kulturliv i kommunen.
Gode arbeidsforhold i fine lokale.
Løn etter gjeldande tariffavtalar.

Heim til Austrheim

Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

Sletting av studielån for innbyggjarar i Austrheim kommune

Er du busett i Austrheim kommune og i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Oppteninga startar 1. januar 2025, noko som betyr at fyrste mogleg gjeldssletting vil vere 1. januar 2026. Lånet kan slettast med 25 000 kroner kvart år så lenge du er yrkesaktiv og bur i kommunen, til heile lånet er nedbetalt.

Ordninga gjeld for alle som er yrkesaktive og bur i éin av dei 189 kommunane som frå 1. januar 2025 er klassifiserte på sentralitetsnivå 5 eller 6, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette omfattar òg personar som flyttar til ein av desse kommunane etter denne datoen.

Tiltaket gjeld all type utdanningsgjeld, uavhengig av når lånet vart teke opp.

Kjelde: www.regjeringa.no

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Jensen Risnes

Fagleiar/avdelingsleiar i kulturskulen

+4798822075

Elisabeth.Jensen.Risnes@austrheim.kommune.no

Om bedriften

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!

Sektor

Offentlig

Nettsted

https://www.austrheim.kommune.no/

Annonsedata

Stillingsnummer

200eebc5-5d14-4096-8952-e424e3ad8255

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10259305
Apply
Other Job Recommendations:

Danselærar

Sveio kommune
Region Midtjylland
  • Evne til å bygge gode relasjoner til barn og skape eit trygt...
  • Kreativitet og fleksibilitet i møte med ulike elevbehov...
2 uker siden

Trykkammeroperatør i beredskapsvakt

Helse Bergen
Vestland
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du er fleksibel og har lett for å tilpasse deg
  • Du er glad i å samarbeide med andre faggrupper og du...
22 timer siden

Helsefagarbeider- hjemmesykepleien team 12, Konnerud

Drammen Kommune
Drammen
  • Yte helsehjelp og praktisk bistand i tråd med individuelle...
  • Utføre primærkontaktansvar for tildelte brukere – med fokus...
22 timer siden

Operatør - Vakuumgraver

DeepOcean
Region Midtjylland
Vi søker etter en engasjert operatør til en av våre vakuumgravere som jobber med tørrsug i Oslo området. Hos oss vil du få en...
3 dager siden

Vi søker butikkselger til Glitter Kvadrat

Glitter
Rogaland
  • Du er en engasjert selger som elsker kundemøter og drives av...
  • Du trives med høyt tempo og varierte arbeidsoppgaver...
5 dager siden

Digital Marketing Specialist

Reboot Monkey
Trøndelag
  • 3. Content & Brand Storytelling 4. SEO, SEM &...
  • 4. SEO, SEM & Analytics 5. Website Management &...
2 dager siden

Ekstrahjelp Cubus Vennesla, Auraparken

VARNER
Agder
Ønsker du å skape de beste handleopplevelsene i en av Norges største kleskjeder? Bli vår nye Butikkselger! Du trives best med en...
4 dager siden

Butikkmedarbeider deltid

DeepOcean
Innlandet
Vi har mange faste kunder og er opptatt av å gi kundene våre super service, så det er viktig at du trives med å gi god...
1 dag siden

Skaderådgiver Reise, hund og katt

Storebrand
Akershus
Vil du bli en av våre nye medarbeidere i vår oppgjørsavdeling Reise, hund og katt? Nå ønsker vi å styrke ett av våre kompetente...
3 dager siden

Restaurantmedarbeider heltid

Egon Restaurant
Region Midtjylland
Som restaurantmedarbeider jobber du i team og primæroppgaven er å yte service for våre gjester og sørge for at de får en...
22 timer siden