Sunnfjord Museum, Jølstravegen 107, 6819 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftsteknikar
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 7. september
Ansvarsområde for stillinga
Stillinga vil ha ansvar for oppgåver innanfor drift og vedlikehald på Sunnfjord museum.
Sunnfjord Museum ligg ved Movatnet langs E39 like aust for Førde sentrum. Dette er eit kulturhistorisk museum med samlingar og utstillingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord gjennom tidene. Friluftsmuseet består av ein opphaveleg husmannsplass, og eit rekonstruert klyngetun med urtehage, støl og kulturlandskap. Museet ligg i naturvakre omgjevander. Her finn du også fleire tur-stiar med informasjonstavler som fortel om den lokale natur- og kulturhistoria. Museet har også museumsbutikk og kiosk i driftsbygnaden.
Som driftsteknikar vil ansvaret knytte seg til drift av ikkje-museale bygg og uteområder. Driftsteknikar vil også delta i arrangement på museet som kan involvere formidling til besøkande.
Om stillinga
Som driftsteknikar vil du i hovudsak ha ansvar for driftsoppgåver på Sunnfjord museum.
Arbeidsoppgåvene vil derfor ha stor grad av variasjon alt etter sesong, arrangement og behov på museet. Du vil også jobbe tett i samarbeid med dei andre tilsette på museet.
Stillinga vil blant anna ha oppgåver som:
Vedlikehald og oversikt av verktøy og maskiner
Vedlikehald av uteområde (plen, bed, hage)
Førebu til sesong og rydde inn etter sesong
Diverse forefallande arbeid på driftsbygningar
Praktisk bistand i formidlingsopplegg til skuleklassar og liknande på museet
Internkontroll
Dette er ei deltidsstilling, i utgangspunktet tenkt som ei 50%-stilling heile året. Vi er også opne for å vurdere andre løysingar, f.eks om det er kandidatar som er interessert i å arbeide meir i enkelte periodar av året, og mindre i andre. Vi er opptekne av å sikre ein viss form for fleksibilitet. Driftsseksjonen sorterar under avdeling stab, som har ansvar for stab og støttetenester i MiSF. Som driftstekniker vil du kunne bidra på å løyse oppgåver på tvers med fagkollegaer på andre museum, samt ha eit tverrfagleg kollegium med høg kompetanse på Sunnfjord Museum. Det er sjef for driftsseksjonen som vil være din leiar med personalansvar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
førarkort klasse B og T
fagbrev og/eller tilsvarande arbeidserfaring (elektro, rør, tømrar, byggdriftar eller liknande)
teknisk forståing og innsikt
erfaring med snekring og tømring
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
handlar på eige initiativ, får ting til å skje og tek ansvar for resultat
er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner
er flink å planlegge arbeidet ditt godt, på kort og lang sikt
har høg gjennomføringsevne og likar å "få ting gjort"
gjer klare prioriteringar og gode ressursfordelingar
er kreativ, fleksibel, løysingsorientert og praktisk anlagt
trivast med ein variert arbeidskvardag
Generell informasjon
Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og stort engasjement.
Stillinga som driftstekniker blir løna etter avtale, og har stillingskode 1136 iflg. Landsoverenskomsten for museum (Virke).
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til Steven Johnsen, seksjonssjef drift på tlf: 47178767.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.
Kontaktperson for stillingen
Steven Johnsen
Seksjonssjef drift
+4747178767
stejoh@misf.no
Om bedriften
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane med kontor på Sandane, har følgjande avdelingar: De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Stiftinga har omlag 50 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane