Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 184 500 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Har du lyst på ekstrajobb i butikk?
Extra Kaupanger trenger fleire blide og serviceinnstilte kollegaer. Vi søkjer tilkallingshjelp som kan stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, eller når vi har ekstra behov i høgsesongar og under ferieavvikling. Arbeidstid og mengde vil variere, det kan bli på dagtid, men mest på kveldstid og laurdagar. Du må ha fylt 18 år og kunne snakke, skrive og lese norsk.
Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling og sal
- Varemottak /vareplassering
- Kasse, tipping
- Forfallande Reinhald og rydding
Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og er opptatt av god kundebehandling og sal. Du er arbeidsam, pliktoppfyllande, og yter god service. Du kan være fleksibel, og er en lagspiller som er god på samarbeid. Det er viktig for oss at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre. Jobberfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav.
Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidsvilkår. Du får god opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av forsikringsavtalane vi har. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Jorunn Kristin Brekke på tlf. 952 78 797.
Søknad og CV registrerast digitalt. Gå inn på www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 24. august 2025
Kontaktpersoner: