Fagleiar - ny, spennande stilling i Alver barnevernsteneste.
Vi søkjer akkurat deg som er engasjert, motiverande, positiv og har faglig tyngde du tenkjer andre kan ha god nytte av. Du er initiativrik og har et sterkt engasjement for barn og familier.
Me har ledig ei fast 100% stilling som fagleiar.
Om Alver barnevernsteneste
Alver barnevernsteneste er lokalisert i Helsehuset i Knarvik/ Nordhordland. Barnevernstenesta består av tenesteleiar, stab, samt i alt fire avdelingar: mottak - og undersøking, tiltak, barne- og familieavdeling (veilederteam og miljøteam) og fosterheim. Tenesta har eiga psykolog, samt eiga samarbeids - og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar. Tenesta som heile består i overkant av 55 tilsette.
Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse.
Tenesta er oppteken av å få inn og behalda godt kvalifiserte tilsette ved å gje god oppfølging, rettleiing og gode lønnsvilkår.
Barneverntenesta deltek i diverse prosjekter og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap.
Arbeidsoppgåver
Fagleg oppfølgjing og rettleiing av sakshandsamarar
Delegering av arbeidsoppgåver i avdelinga
Delta i fagleg utvikling i avdelinga og tenesta
Andre oppgåver kan tilfalle stillinga
Kvalifikasjonskrav
Minimum 3-årig sosialfaglig utdanning som sosionom eller barnevernspedagog
Erfaring frå førstelinja barnevern
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Ønskja kvalifikasjonar:
Master i barnevern
Rettleiingsutdanning og -erfaring
Leiarerfaring
Anna relevant videreutdanning
Kven er du?
Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
Du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
Du er strukturert og har god arbeidskapasitet
Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar
Du kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
Du er fleksibel og løysingsorientert
Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Me tilbyr
Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
Godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Ei teneste i spanande utvikling på fleire områder
Sjølvstendig fleksibelt arbeid
Svært flotte og tilpassa lokaler
Oppfølging og rettleiing
Deltaking i utviklingsarbeid
Fleksitid
God pensjonsordning
Alver barnevernsteneste ynskjer godt kvalifiserte søkarar til tenesta.
Politiattest
I tråd med barnevernsloven § 12-11vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Kontaktpersoner for stillingen
Sissel Mary Frotjold
Tenesteleiar
+4740807724
sissel.mary.frotjold@alver.kommune.no
Anette Zweidorff Dalland
Einingsleiar
+4797166682
anette.dalland@alver.kommune.no
Om bedriften