Skolebakken 7, 6409 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarvikarar -2 faste stillingar og 2 vikarstillingar for skoleåret 2025/26
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk senest onsdag 25. juni
Vi har ledig to lærarvikariat ved Julsundet skole frå 1.8.2025 og ut skoleåret 2025 -2026. I tillegg skal vi tilsette 2 vikarlærarar i faste stillingar, som vil bli sett inn der det til einkvar tid er behov. Det kan og vere moglegheit for midlertidig vikarstilling.
Vi ønskjer at du har eitt eller fleire av faga naturfag, spesialpedagogikk, norsk og matematikk. Det er ein fordel om du kan undervise i fleire ulike fag. Vi oppmodar både lærarar og spesialpedagogar til å søke på stillingane.
Skolen satsar på å ha eit sterkt lag rundt eleven. Vi har tro på utvikling gjennom samhandling der alle yrkesgruppene deltek med sin kompetanse.
Aukra kommune har fokus på tilknytingspsykologi, og alle tilsette som jobbar med barn og unge blir kursa i COS P.
Nokre av oppgåvene i ei lærarstilling ved Julsundet skole
- Planlegge og gjennomføre god, variert og tilpassa undervisning
- Analysere og følge opp elevane si læring og utvikling
- Skape eit trygt og godt læringsmiljø
- Bidra til eit godt skole- heimsamarbeid
- Delta aktivt i skolen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap
Formelle krav til kompetanse i undervisningsstillingar er å finne i forskrift til Opplæringslova. Elles legg vi vekt på kvalifikasjonar som
- undervisningskompetanse i naturfag, matte og norsk
- utdanning og erfaring innan spesialpedagogikk
- digital kompetanse
- tidlegare resultatoppnåing
- Du har eit positivt elevsyn, og har evne til å skape gode relasjonar med elevar og føresette
- Du er ein tydeleg, varm og trygg klasseleiar
- Du tar i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane
- Du er systematisk og strukturert
- Du har høge ambisjonar for kvar elev
- Du er positiv, fleksibel, samarbeidsvillig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
- Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
- Ei støttande leiing
- Eit godt arbeidsmiljø med samarbeidande og entusiastiske kollegaar
- Rettleiing og oppfølging av nyutdanna nytilsette
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring i offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Prøvetid
Gjensidig prøvetid på 6 månader
Politiattest
Dei som blir tilsett må kunne legge fram godkjent politiattest
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Vi ber derfor oma t du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "send søknad".
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Knut Anders Fostervold
+47 90040602
knut.fostervold@aukra.kommune.no
Om bedriften
Aukra kommune er ein kommune lokalisert på øy- og fastlandsdel. Her er det vakker natur med nærleik til hav og fjell, flotte kulturopplevingar både i lokalmiljøet og i nærområda, og det er korte avstandar til mellom anna Molde, Åndalsnes og Ålesund. Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. I Aukraskolane legg vi til rette for læring for alle elevar og stimulerer den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eigne evner. Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap og eit trygt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring for alle Julsundet skole er ein 1-10-skole med om lag 45 tilsette og 250 elevar. Personalet her på Julsundet skole er fagleg dyktige, har stort engasjement, godt humør og godt samhald. Skolen ligg 15 kilometer vest for Molde.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3512951_191797_nn