Førstekonsulent - etatsstyring og budsjett

DeepOcean
Oslo
1 uke siden

Vil du vere med og jobbe for eit godt og effektivt departementsfellesskap? Som førstekonsulent hos oss får du varierte oppgåver innan etatsstyring og budsjett, i kjernen av departementsfellesskapet. Her får du også bidra inn i arbeidet med sjølve utviklinga av fellestenestene til departementa, i ei tid der fleire departement flyttar inn, og blir samlokaliserte, i nytt regjeringskvartal.

Seksjon for budsjett, etatsstyring og tryggleik består av ti tilsette, og har ei sentral rolle i styringa av fellestenestene til departementa. Akkurat no jobbar vi med ein ny strategi for departementsfellesskapen, og me jobbar samtidig med å utvikla fleire administrative tenester som skal forenkla kvardagen i departementa. Me ser etter deg som vil vere med på dette arbeidet, og som særleg vil jobba med delane av arbeidet som omhandlar etatsstyring og budsjett, under dette både budsjett for avdelinga og statsbudsjettet.


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene i denne stillinga vil vere å delta i arbeidet med

    etatsstyringa av dei underliggjande verksemdene våre DSS og DIO, og dessutan overordna styring og oppfølging av fellestenester/-funksjonar for departementa

    arbeidet til avdelinga inn mot statsbudsjettet

    avdelinga sitt internbudsjett- og økonomi

    prosjektoppfølging


Vi søkjer deg som har

Du må ha

    relevant mastergrad eller tilsvarande

    god rolleforståing og kjennskap til offentleg forvaltning

    god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Det er ønskjeleg at du har noko relevant erfaring frå, eller kunnskap om, oppgåvene til stillinga. Dette kan til dømes vere frå studiet, masteroppgåva, verv eller arbeid.

Du som fullfører mastergraden din sommaren 2025 er velkommen som søkjar. Vitnemål må liggja føre ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som tek ansvar og initiativ, og sørgjer for framdrift i prosessar. Du vil ha dialog med kollegaer internt og samarbeidspartnarar eksternt, og me ser for oss at du kan ta ordet i møte og stå i meiningsutvekslingar. For å trivast og lykkast i denne rolla, ser vi for oss at du også har

    gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

    evne til å handtera oppgåver med korte fristar

    god gjennomføringsevne

    analytiske evner, med interesse for å sjå ulike perspektiv

Personlege eigenskapar blir tillagde stor vekt.
Utdanning og erfaring med blir dokumentert med CV, vitnemål og attestar.


Vi tilbyr

    eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin

    ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø

    gode utviklingsmoglegheiter

    lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport

    gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse

    fleksibel arbeidstid

    sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar

Løn: Stilling blir lønt som førstekonsulent fra kr. 580 000 - 640 000 per år. Lønnsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar.

Sikkerhetsklarering: Tilsetjing skjer under føresetnad at søkjar blir sikkerhetsklarert på nivå HEMMELEG. Les meir om sikkerhetsklarering på nettsidene til Nasjonalt tryggingsorgan (https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/).


Vi er opptekne av

Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Informasjon til deg som søkjer

Vi er opptekne av kva du kan, erfaringane dine og kompetansen du har, og vil derfor stille deg nokre faglege spørsmål, framfor å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykker på "Søk stillinga", kjem du til rekrutteringsportalen og må logge inn.

I portalen er det viktig at du:

    Svarar på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst.

    Fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for bl.a. å vareta kravet om fullstendige søkjarlister.

DFD nyttar bakgrunnssjekk frå Semac i nokre av rekrutteringsprosessane våre. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke, og inneber bla at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.

Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt avdelingsdirektør Per Eigil Schwab på tlf. 481 21 447 eller e-post per-eigil.schwab@dfd.dep.no. For spørsmål om rekrutteringsprosessen, kan du ta kontakt med rådgjevar i DSS Tale Fredriksen på tlf. 90 84 37 73 eller e-post tale.fredriksen@dss.dep.no.

Apply
Other Job Recommendations:

Glass og fasade montør

DeepOcean
Haugesund
Kraft Glass & Aluminium As Årabrotsveien 21 D, 5515 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Glass og fasade...
1 uke siden

Resepsjonist og butikkmedarbeider

DeepOcean
Vestland
Du som er imøtekommende og tar godt vare på kundene. Besvare telefon, ta i.ot bestillinger,selge produkter, dagsoppgjør og renhold...
1 dag siden

Malere Gjøvik og Hamar

DeepOcean
Hamar
Gbs Malerservice As ønsker flere ansatte for innvendig og utvendig malerarbeid Gbs har avdeling både i Gjøvik og på Hamar. Vi ser...
4 dager siden

Søker flere Lastebil sjåfører for kl CE i Oslo og Akershus område.

DeepOcean
Oslo
Lastebil Transport Sentral AS Lastebil Transport Sentral As ble etablert år 2018 og har base i Oslo Vi er et mellomstort...
2 dager siden

Cafe Avec søker deg som er glad i å jobbe og som presterer godt i en hektisk hverdag.

DeepOcean
Troms
En hektisk men gøy arbeidsdag hvor du møter mange hyggelige kunder der ingen dager er lik. Cafe Avec er en cafe som ligger i...
1 uke siden

Dyktig og engasjerte servitører søkes

DeepOcean
Troms
Du er engasjert, har fokus på kvalitet og ønsker høy standard. Er innstilt på at vaktene er på kveldstid og i helger. Vi har høyt...
2 uker siden

Barne- og ungdomsarbeider

DeepOcean
Tromsø
Vi har ledig en fast 100% stilling som barne- og ungdomsarbeider fra 01.09.2025 Tusseladden friluftsbarnehage er organisert som et...
1 uke siden

En trivelig og utadvendt deltidsmedarbeider

DeepOcean
Innlandet
Vi skal nå satse videre og mye mere på vår stasjon på Raufoss Det vi ser etter er en blid og utadvendt person som byr litt på seg...
3 uker siden

blid og hyggelig Butikkmedarbeider Kasse

NorgesGruppen
Nordland
I EUROSPAR legger vi vekt på lokal tilhørighet og vi søker deg som vil være med å skape den beste lokale handleopplevelsen, hver...
3 uker siden

Selvstendig sjåfør i Drammen, Lillestrøm,Kongsviger og Oslo

DineHome
Drammen
kr 500 - kr 30 000
DineHome søker sjåfører med egen bil – og godt humør DineHome vokser raskt, og vi trenger flere dyktige og selvstendige sjåfører i...
3 uker siden