Hatlehaugen 1 B, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest onsdag 20. august
Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!
Vi har ledig:
Vikariat som barnehagelærar i 60 % stilling frå 15.10.2025 til 15.08.2026.
Det vil vere aktuelt å bli brukt som tilkallingsvikar ved behov.
Vi kan tilby deg:
god oppfølging som ny tilsett
deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
gode pensjons- og forsikringsordningar
Kvalifikasjonar:
du er utdanna som barnehagelærar
du er ein relasjonsorientert person som viser omorg og ser kvart enkelt barn
du har gode evner til å leie barn
du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg
Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen, håpar vi du vil søke på stillinga.
For meir informasjon om Hatlehaugen barnehage sjå Sunnfjord kommune si heimeside.
For meir opplysiningar, ta kontakt med einingsleiar Anita Bolstad Indrebø, tlf. 48 00 00 66.
Du søker elektronisk. Gyldig politiattest må leverast før start i stilling.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Alle søkarar kjem på offentlig søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentligheit i tekstfeltet til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Anita Bolstad Indrebø
+47 480 00 066 +47 57 72 58 12
anita.bolstad.indrebo@sunnfjord.kommune.no
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.