Er du jordmorstudent og ønsker jobb ved sida av studiet? Då er dette stillinga for deg. Vi søker nå jordmorstudentar som har lyst til å jobbe saman med oss. Både 1 års studentar og 2 års studentar.
Litt om Fødeavdelinga:
Vi har tre fødeeiningar på Kvinneklinikken: Føde AB, Føde B og Føde D Storken. Føde AB har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.
Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, samt barseloppfølging. Alle seksjonane samarbeider tett for å løyse bemanningsufordringar i fellesskap.
Fødeavdelinga er såleis ein spennande arbeidsstad for jordmorstudentar. Vi treng helgestillingar frå august 2025. Det vil vere 3-delt turnus, med arbeid på helg og høgtidsdagar.
10.08.2025
Helse Bergen HF
6
Vikariat
20
4993965300
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar for føde-barselkvinner
- Rettleiing av "nybakte" foreldre
- Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
- Varierande sjukepleieoppgåver
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiefagleg utdanning med norsk autorisasjon
- Påbyrja studie i jordmorfag
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
-
Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
- Generell sjukepleieerfaring er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Fleksibel
- Tåle endring
- Tilpassingsdyktig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.