Helsefagarbeidar ved Vik sjukeheim - vikariat

DeepOcean
Agder
Full time
1 uke siden
Vik kommune - sjukeheim

Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Type ansettelse

Vikariat, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest søndag 24. august

Me har ledig

100% vikariat som helsefagarbeidar ved Vik helse- og omsorgssenter. Vikariatet er turnusarbeid med dag-/seinvakter og langvakter kvar 4. helg. Ved ynskje om normalvakter på helg vert det arbeid i gjennomsnitt kvar 3. helg.
Stillinga er ledig frå 01.10.25 og i eitt år, med mogelegheit for oppstart før om det er aktuelt.

Om arbeidsstaden

Kommunen er liten men tenkjer stort, og sjukeheimen er lokalisert i nye, moderne lokale. I tilknyting til sjukeheimen har ein også lokale til heimetenester, psykiatri, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. VHO er inne i siste byggetrinn, og sjukeheimen har i denne perioden 12 plassar særleg tilrettelagt for somatisk sjuke, 12 plassar særleg tilrettelagt for pasientar med demens, og eitt KAD-rom. Frå om lag mai 2026 står alt ferdig, og sjukeheimen er då samlokalisert med 12 plassar særleg tilrettelagt for somatisk sjuke og 18 plassar særleg tilrettelagt for pasientar med demens, fordelt på grupper på 6 pr gruppe.

Er du oppteken av faget ditt og har ynskje om fagleg og personleg utvikling, ynskjer me at du kjem og arbeidar saman med oss i vakre Vik kommune sine helse- og velferdstenester.

Vik helse og omsorgssenter, sjukeheim yter tenester til alle typar pasientgrupper, og jobbar mellom anna med demensomsorg, rehabilitering og avlastning, samt behandlingar retta mot kroniske, somatiske tilstandar. Me har eitt KAD-rom, og eitt rom særleg tiltenkt lindrande behandling. Me jobbar med alle typar sjukepleiefaglege prosedyrar, og gir både avansert lindrande behandling, intravenøse behandlingar, sårbehandlingar, og mykje meir. Det er tett samarbeid mellom sjukeheim, heimetenestene, psykiatri/rus og rehabiliteringsavdeling. Me har tilsynslege i 1,5 dag per veke på sjukeheimen.

Me tilbyr

Varierte og meiningsfylte oppgåver i eit fagfelt i stadig utvikling.
Mogelegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Gode lønnsvilkår.
Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Mulegheiter for støtte til relevant vidareutdanning.

Arbeidsoppgåver

Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga.
Heilheitleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar, med fokus på brukarmedverknad.
Helsefaglege utfordringar i arbeid med alvorleg sjuke og eldre pasientar.
Arbeid med velferdsteknologiske løysingar.
Bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i tenesta.
Tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonskrav

Autorisert helsefagarbeidar
God norsk munnleg og skriftleg kompetanse

Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Du er engasjert og positiv
Du er fagleg trygg, modig og raus- og evnar å gjera tenesta, tilsette og brukarar gode
Du likar å arbeide kunnskapsbasert og sjølvstendig og tar ansvar på vakter.
Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv
Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring.
Du er ryddig, strukturert og systematisk, og har evne til å arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring må leggast ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen

Lilly Torget Nesse

Tenesteleiar

+47 90951156

lilly.torget.nesse@vik.kommune.no

Om bedriften
Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

bb0b856f-2611-4a31-bf3d-ee6eac57f1a3

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3530921_248693_nn
Apply
Other Job Recommendations:

Frokostservitør vikariat august- desember -2025.

DeepOcean
Troms
Du liker at det er høyt tempo og elsker folk. Vaktene er på 6 timer fem vakter i uken inkludert annen hver helg. Scandic Grand...
2 uker siden

Elektroinstallatør vikariat

DeepOcean
Buskerud
Syd Elektro trenger vikar i perioden 06.10.25 - 22.10.25 som tilfredsstiller kvalifikasjonene ift Prosjektering av el anlegg,...
4 dager siden

Ledig fastlegehjemmel ved Alrek Legesenter

Bergen Kommune
Vestland
  • Betjene egen fastlegehjemmel
  • Legevakt med estimert vaktbelastning 1-2/mnd
  • Norsk autorisasjon som lege...
1 uke siden

Ruseløkka Kunst og Kulturbarnehage søker barnehagelærer (Vikariat)

DeepOcean
Oslo
Vi leter etter en kreativ og engasjert barnehagelærer som er interessert i å jobbe med barn og barns kreative uttrykk Skriv litt...
1 uke siden

Ledig deleliste ved Nesttun Allmennpraksis DA i Fana bydel

Bergen Kommune
Bergen
  • Legevaktarbeid ved Bergen legevakt Alle nye fastleger får...
  • Det blir lagt vesentlig vekt på gode samarbeidsevner og...
1 uke siden

To ledige fastlegehjemler ved Flaktveit Legesenter, Åsane bydel

Bergen Kommune
Norge
  • Legevaktarbeid ved Bergen legevakt Offentlig...
  • Norsk autorisasjon som lege Det blir lagt vesentlig vekt på...
6 dager siden

Korte og lengre vikariater til skole

DeepOcean
Oslo
VI SØKER ETTER MEDARBEIDERE I KORTERE OG LENGRE VIKARIATER Du er vennlig, ærlig og empatisk i møte med elev, foresatte og...
1 uke siden

Extra Hommelvik søker Butikkmedarbeider i vikariat på full tid

DeepOcean
Trøndelag
Er du opptatt av å gi de beste kundeopplevelsene? Har du godt humør, er glad i mennesker og har lyst til å yte det lille ekstra...
4 dager siden

Traineesykepleier ved Sykehuset i Vestfold

Helse Sør-Øst RHF
Tønsberg
Da en av våre traineer allikevel ikke starter opp, har vi en fast 100% stilling ledig til traineeprogrammet for sykepleiere ved...
1 uke siden

Ledig fastlegehjemmel ved Danmarksplass legesenter - Årstad bydel

Bergen Kommune
Vestland
  • Legevaktarbeid ved Bergen legevakt. Estimert vaktbelastning...
  • Offentlig allmennmedisinsk legearbeid i kommunen inntil 7,5...
2 uker siden