Er du ein som likar å handtere mange ulike arbeidsoppgåver, og som framstår som løysingsorientert og positiv i arbeidsmiljøet? Då kan du vere den vi ser etter!
Kontor Medisin Ålesund har no ledig to faste stillingar:
100 % fast stilling p.t. som postsekretær Medisin 2 - Ledig frå snarast
50 % fast stilling p.t. på nyre poliklinikk - Ledig frå 01.11.25
Det er viktig å presisere at vi er ein seksjon, og at ved behov kan ein bli flytta på innad i seksjonen.
Vi yter tenester til fleire poliklinikkar og sengepostar innan dei ulike medisinske fagområda og nevrologi, og har eige dokumentasjonssenter.
Seksjonen består av sekretærar som arbeider nokså spreidd rundt på sjukehuset, men som likevel har god kontakt med kvarandre gjennom ulike Teams-kanalar, møtepunkt og samarbeid på tvers i seksjonen ved ulike behov.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
05.09.2025
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund
Helsesekretær/Sekretær
2
Heiltid, Deltid
Fast
100, 50
5000427292
03.11.2025
Arbeidsoppgåver
- Sekretæren si rolle består overordna av service, logistikk, kommunikasjon/formidling, koordinering og forefallende arbeid
- Hovudsaklig dagleg elektronisk pasientadministrativt arbeid i Helseplattformen som omfattar tilvising og ventelistearbeid, inbasket/oppgåvemeldingsarbeid, rapport- og arbeidslistearbeid, malarbeid og dokumentbehandling m.m.
- Arbeidsoppgåver i skranke og telefon - vi har innført digital telefoni med call-back funksjon ved poliklinikkane våra
- Tolkebestilling
- Pasientreisebestilling
- Tett samhandling med andre faggrupper
- Kontinuerlig forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
- Gode datakunnskaper
- Har du noko kjennskap til Helseplattformen så er det ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personleg eignaheit vert vektlagd
Personlege eigenskapar
- Du framstår positiv og fleksibel i arbeidsmiljøet, er imøtekomande og serviceinnstilt
- Du har evne til samarbeid, men handterar også å arbeide sjølvstendig
- Du tek initiativ til arbeidsoppgåver som skal løysast
- Du har evne til å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag med mange ulike oppgåver
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
-
Ein inkluderande arbeidsplass
-
Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon