Svein Erik Flo søkjer epleplukkarar til fruktgarden sin på Flo.
Det er ledig full stilling frå ein gong mellom 25. august og 1. september, og fram til slutten av oktober.
Du bør helst ha førarkort og tilgang til bil, sidan garden ligg på Flo og det er lite kollektivtransport i området. Det er viktig at du er arbeidsvillig og i god fysisk form.
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.
Arbeidstid er måndag til fredag, 8 timar pr dag i tidsrommet kl. 08.00–17.00. Her kan vi vere fleksible. Det er også ønskjeleg at du kan jobbe noko i helgane.