Er du ein trygg og engasjert person som ønskjer å bidra til å skape ein meiningsfull kvardag for andre ? Då kan dette vikariatet vere noko for deg.
Eg er ein omsorgsfull dame på 31 år som søkjer etter ein engasjert og påliteleg voksenperson som kan bli min nærmeste støttespiller. Stillinga som medarbeidsleiar går ut på å støtte og koordinere assistansen rundt meg og min familie, slik at eg kan få leva eit så sjølvstendig og verdig liv som moleg.
I 2022 fekk eg ein massiv hjerneblødning som endra livet vårt. Eg er mamma til to barn på tre og ti år. Eg søkjer derfor etter deg som er ansvarleg, strukturert, omsorgsfull og er glad i barn.
Som medarbeidsleiarvil du få ansvar for å følgje opp assistanseordningen min i det daglige, samt hjelpe meg med den daglige driften av assistanseordninga.
Om stillinga:
Som medarbeidsleiar vil du ha ei nøkkelrolle i å sikre stabilitet, struktur og god oppfølging av assistentane. Du vil samarbeide tett med både brukar og arbeidsgjevar for å sikre at assistansen fungerer godt og at den er tilpassa brukarens behov.
- Vikariat fram til midten av oktober, med moglegheit for forlenging og fast stilling.
- Stillingsstorleik 80%.
Arbeidsoppgåver som medarbeidsleiar:
- Gjennomføre medarbeidarsamtalar og halde assistentmøter i tråd med JAG sine rettningslinjer.
- Vere min kontaktperson og nærmaste samarbeidspartner
- Følge lov- og avtaleverk
- Lage arbeidsplanar og påse at assistansen alltid vært overhold.
- Bistå i rekruttering, opplæring, veiledning, arbeidsmiljø, HMS kartlegging og kontroll av timelister etc.
- Organisering av reiser.
Som medarbeidsleiar vil du også ha daglege assistentoppgåver som husarbeid, hjelp til personleg stell og assistere når brukar skal ut på ulike avtaler og arrangement. Meir utfyllande om assistentoppgåvene vert gitt ved intervju.
Ønska personlege eigenskapar:
- Påliteleg, ansvarsfull og strukturert.
- Løysingsorientert og sjølvgåande
- Kunne setje seg inn i, og forstå andre sine utfordringar.
- Fleksibel og tolmodig
- Teknisk anlagt
- Glad i barn
Krav i stillinga:
- Plettfri vandel/politiattest
- Gode norskkunnskaper
- Førerkort
Som assistent i JAG blie du tilbode:
- Tariffavtale (Landsoverenskomsten for BPA).
- Gode pensjon- og forsikringsordninger
- Stort fokus på opplæring og kurs
- Digital timeregistrering
- Treningstilskudd
Som personleg assistent i JAG utgjer du ein forskjell kvar dag, og personleg egnethet er avgjerande.
Søknadsfrist:
(Søknadar vurderast fortløpande)