Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 10%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk senest onsdag 10. september
Me har ledig
2 x 10 % fast stilling i fritidsklubbane i Årdal.
Me har to fritidsklubbar: " Kjedlar'n" i Øvre Årdal og " Mekken" på Årdalstangen.
Det er arbeid på kveldstid onsdag og torsdag, samt ein fredag i månaden.
Arbeidsoppgåver
Ansvarleg for planlegging og gjennomføring av arrangement og klubbkveldar
Tilby eit lågterskeltilbod der ungdom kan møtast, vere seg sjølv og bygge relasjonar
Bidra til trivsel og førebyggje einsomheit og utenforskap
Samarbeide tett med ungdommane om å utvikle tilbodet i klubben
Samtale med ungdom
Lage og servere måltid i lag med ungdommane
Delta på ulike arrangement i regi av klubben
Kvalifikasjonskrav
Må helst være fylt 23 år
Ein må levere godkjent politiattest
Erfaring med å planlegge eller gjennomføre aktivitetar for ungdom
Kjennskap til ungdomskulturen
Utdanning eller pågåande studiar innan f.eks. barne- og ungdomsarbeid, sosialt arbeid, pedagogikk, kultur eller liknande er ønskeleg, men ikkje et krav
Kreative ferdigheiter eller interesser (f.eks. musikk, gaming, matlaging, sport, kunst) er eit pluss
Personlege eigenskapar
Du er ein engasjert person som likar å arbeide med born og unge
Du brenn for å skape eit trygt, positivt og inkluderande miljø i klubbane
God på relasjonsbygging
Ansvarsbevisst og påliteleg
Fleksibel, kreativ og tilpassingsdyktig
Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vil bli vesentleg vektlagd
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter Hovudtariffavtalen, vurdert utifrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Andre opplysningar
Fritidsklubbane følgjer skuleruta dvs. at me held stengt når skulen har ferie. For å ha fri i feriane er det eit lønstrekk på 1,1% for ei 10% stilling. Det vil då vere ein lønsprosent på 8,9% for stillinga.
Me tilsett fortløpande då klubbane startar opp i veke 36.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Stine Moen Bakken
+47 47328147
stine.moen.bakken@ardal.kommune
Om bedriften
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !