Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune
I Bremanger kommune, for tida ved Svelgen Omsorgssenter er det ledig ei 100 % fast stilling som kokk/kokekyndig frå snarast
I stillinga inneber for tida arbeid kvar 3.helg.
I mars 2016 stod Svelgen omsorgssenter ferdig. Vi arbeider i moderne omgjevnadar. Kjøkkenet er av fagfolk sagt, blant dei beste institusjonskjøkkena i landet, kor det er vektlagt at ein skal kunne gje god kvalitet på varene ein leverer og at medarbeidarane skal ha ein god og tilrettelagt arbeidsplass.
Omsorgssenteret er delt inn i fem einingar med m.a. demens, rehabilitering og lindrande pleie. På kvar eining er det avdelingskjøkken, så det er kun den varme maten som vert tilberedt på institusjonskjøkkenet. I tillegg til at ein lagar mat til bebuarane på omsorgssenteret, lagar ein m.a. middag til bebuarane på Klokkartunet på Davik og personar som har innvilga tenesta matombringing.
31.08.2025
Bremanger kommune
Svelgen
Kokk/kokekyndig
1
Heiltid
Fast
100
5002363875
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for kvalitet og koordinering av tenestene
- Ansvar for kontinuerleg kvalitetssikring og skal delta i utviklinga av kvalitetsmål innan driftseininga
- Delta i utarbeiding av turnusplanar
- Samarbeide med andre faggrupper i kommunen
- Sikre kvaliteten i den direkte tenesteytinga
- Halde seg oppdatert på utviklinga i fagfeltet og bringe ny kunnskap inn i eininga
- Oppgåver kan verte endra
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan kokkefaget
- Gode kommunikasjon - og samhandlingsevner
- Løysingsorientert lagspelar som kan arbeide under press
- Kan motivere og inspirere medarbeidarar
- Datakunnskap
- Kan arbeide sjølvstendig, likar utfordringar og har stor arbeidskapasitet
- Er ryddig, serviceinnstilt og fleksibel
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Kontaktinformasjon
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no!