I kommunalområde oppvekst tilbyr me gode og framtidsretta tenester til våre barn og unge og har om lag 60 medarbeidarar på laget. Til kommunalområdet oppvekst ligg drift og utvikling av to skular og to barnehagar, ungdomsklubb, levekårskoordinator, bibliotek, kultur, samt helserelaterte tenester retta mot barn og unge og dessutan oppfølging av interkommunalt barnevern. Kommunalsjefen vil vere sentral i å utvikle tverrfagleg samarbeidskultur i organisasjonsmodellen.
Til å leia kommunalområde oppvekst framover søkjar vi ein tydeleg, nytenkjande og resultatbevisst kommunalsjef. Vi ønskjer ein leiar som brenn for oppveksten til barn og unge og er ein pådrivar i utviklingsarbeid og fagleg fornying. Vi ser etter ein fremoverlent, inspirerande og moderne leiar som lett handterer vekslinga mellom fokus på eige område og eit godt sidesyn for andre tenester i kommunen. Som kommunalsjef oppvekst vil du ha gode moglegheiter til å påverka samfunnsutvikling og utvikle eige kommunalområde i samspel med andre kommunalsjefar, leiarar og nøkkelpersonell. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.
Vi tilbyr
Ei attraktiv leiarstilling i ein kommune med ambisjonar.
Gode moglegheiter for å påverka tenesteutviklinga i Bygland og sikra god samfunnsutvikling til beste for innbyggjarane.
Utfordrende og spennande prosjekt i samarbeid med interne og eksterne aktørar.
Eit triveleg og utviklingsorientert arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår, lønn etter avtale.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden
får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast
(jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgaver
Overordnet ansvar for fagleg innhald, drift, resultat, økonomi og personal og å byggje felles organisasjonskultur i kommunalområde oppvekst.
Medansvar for heilskapleg styring og utvikling av kommunen på tvers av sektorar.
Ansvar for den pedagogiske rådgivinga, lovpålagde oppgåver.
Ansvar for kultur og levekår.
Faglig støtte og rettleiing til leiarar.
Håndtering av styresmaktsoppgåvene tillagt oppvekstsektoren.
Skrive og formidla saker for politiske utval.
Kommunedirektørens representant i levekårsutvalet.
Tilrettelegging for og gjennomføring av politiske avgjerder.
Strategisk utvikling og leiing av endringsprosessar.
Representere kommunen i samarbeidet med nabokommunar, fylkeskommunale og statlege organ.
Kvalifikasjoner
Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå og gjerne vidareutdanning innan leiing.
Leiarerfaring, gjerne frå oppvekstfeltet, skule, barnehage etc.
God økonomiforståing og erfaring med økonomistyring.
Kjennskap til offentleg avgjerdsprosessar og samspelet med folkevalde.
Personlige egenskaper
Open og ærleg, tillitsskapende og samlande leiar.
Resultatorientert med utprega gjennomføringsevne og engasjement.
Samarbeidsorientert, ein som ser verdien av å samarbeide på tvers av sektorar og fagfelt.
Opptatt av å søkje og ta i bruk ny kunnskap.
Utadrettet, kommunikativ og relasjonelt dyktig, du er flink med folk.
Du stiller opp, viser mot og klokskap i krevjande situasjonar.
Du er representativ og trygg på ulike interne og eksterne arenaer.
Du bidrar med energi og godt humør!
Det vil bli lagde vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Kontaktinformasjon
Simon Ellingsberg, Kommunedirektør, +47 975 70 196, Simon.Ellingsberg@bygland.kommune.no
Arbeidssted
Sentrum 18
4745 Bygland
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Bygland Kommune
Referansenr.: 4992458327
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Simon Ellingsberg
Kommunedirektør
+47 975 70 196
Simon.Ellingsberg@bygland.kommune.no
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.