Visste du at Enivest leverar kundeservice i toppklassen? Vi er opptatt av kvalitet, vi har høgt kundefokus og er innovative. Du som tilsett på Kundesenteret har ei nøkkelrolle i kva vi skal prioritere for å møte våre kundar, samt våre potensielle kundar sine behov. Du vil snakke med kundar som treng bistand med sitt abonnement, faktura, det tekniske utstyret eller andre ting. Vi ønsker at du møter kunden med positiv framstilling og med ei engasjert framtoning.
Teamet på Kundesenteret sine levereglar
God delingskultur, "sharing is caring"
Vi tek ansvar for å skape ein fantastisk arbeidsplass
Våre leiarar er tilgjengelege
Vi bryr oss om kvarandre og har det kjekt på jobb
Ros og konstruktive tilbakemeldingar er ein del av vår kvardag
Vi har sterk fagleg integretet
Vi oppfordrar til aktiv påverknad av din eigen arbeidskvardag
Til teamet på vårt Kundesenter søker vi no ein nytenkande og engasjert deltidsmedarbeidar som tør å utfordre og bidra til utvikling i retning kundebegeistring. Har du teknisk forståing, god lagånd og er genuint opptatt av god kundebehandling? Då kan vi tilby deg ein variert og lærerik arbeidskvardag med høg fart og mykje godt samarbeid. Arbeidstid vil vere anna kvar helg og ekstra ved behov.
Dine hovudarbeidsoppgåver:
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvifor skal du velje oss?
Om dette høyres ut som ei stilling for deg, så håpar vi at du sender inn ein søknad. Dersom du har spørsmål til stillinga, ta gjerne kontakt med leiar for Kundesenteret, Anette Blom på mobil 416 75 757.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.