Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig langtidsvikariat i stillinga som cateringmedarbeidar i sambandet Brekstad-Valset, p.t. MF Austrått.
Varigheit eit år, med moglegheit for fast ansettelse.
Hadde dette vore noko for deg? Ta gjerne kontakt!
Ein variert jobb og godt arbeidsmiljø!
02.07.2025
Fjord1 AS
Brekstad
Langtidsvikariat som cateringmedarbeidar i sambandet Brekstad - Valset, p.t. MF Austrått
1
Heiltid
Vikar
100
4986215036
Arbeidsoppgåver
- Delta i førebuing og sal av mat
-
Delta i reinhald av dei områder som høyrer til cateringdrifta
-
Varebestilling/varemottak
-
Andre relevante oppgåver
Kvalifikasjonar
- Gyldig helseattest
-
Krise- og passasjerhandtering - Fjord1 kan dekke kurskostnader om nødvendig
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
-
Fokus på gode kundeopplevingar
-
Godt humør
-
Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
-
God kommunikasjonsevne
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overeinskomst
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.