Hagahaugvegen 30, 5700 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Institusjonslege i 100 % stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 29. juni
Me har ledig 100% fast stilling ved Voss sjukeheim.
Sjukeheimsmedisin er både spanande og krevjande med eit stadig meir komplekst sjukdomsbilete hjå pasientane.
Me vil leggja til rette for at den som ynskjer det, kan verta spesialist i allmennmedisin. Institusjonsteneste kan gje teljande teneste i spesialiserings løpet.
Om arbeidsplassen
Voss sjukeheim er den største sjukeheimen i Voss herad, og ligg vegg i vegg med Voss sjukehus. Sjukeheimen har i dag ei stor kortidsavdeling, i denne avdelinga finn ein også dei tre kommunale ØH sengene. I tillegg er det ei avdeling for dei bebuarane som har langtidsplass.
Det er eit godt fag- og arbeidsmiljø ved sjukeheimen, med flinke medarbeidarar som ynskjer å utføre god fagleg behandling. Institusjonslegane vikarierer for kvarandre ved ferieavvikling, kursverksemd eller anna fråvær.
Me tilbyr
- løn etter lokal avtale og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- dagarbeidstid
- deltaking i legevaktsarbeid og legevakt om du ynskjer, men ikkje pålagt vaktarbeid.
- norsk autorisasjon som lege
- erfaring frå sjukeheimspraksis i Noreg
- har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- førarkort klasse B
- likar ein hektisk arbeidskvardag
- er interessert i sjukeheimsmedisin og fagutvikling
- både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team
- har gode evner til samhandling og kommunikasjon
- er ansvarleg og løysingsorientert
- er fleksibel og utviklingsorientert
- overordna ansvar for å sikra legetenester av god kvalitet i sjukeheim
- undersøking, diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar
- samtalar med pasientar og pårørande
- tverrfagleg samarbeid
- legemiddelgjennomgang
- fagutvikling og internundervisning inkludert rettleiing av LIS1 som har teneste ved sjukeheimen
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Eystein Hauge
+47 95261271
eystein.hauge@voss.herad.no
Om bedriften
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3512417_234127_nn