Ledig stilling Tonstad skule

DeepOcean
Agder
Part time
3 uker siden
Sirdal kommune

Tonstadveien 28, 4440 Tonstad, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Språkassistent Tonstad skule

Type ansettelse

Fast, deltid 50%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest tirsdag 24. juni

Har du lyst til å bli del av eit viktig lag? Eit lag som arbeider med dei viktigaste personane i landet – barn og unge? Grunnskulane i Sirdal arbeider målmedvite med å utvikla elevane, og skapa ein god skule som "opnar dører mot verda og framtida" og bidreg til at elevane skal "meistra liva sine". Kan og ønskjer du å bidra, så søk på denne jobben!Det er ledig 50% fast stilling som språkassistent ved Tonstad skule frå 01.08.25Skulen har elevar frå fleire ulike land, som treng språkleg støtte slik at dei så fort som mogleg kan inkluderast i ordinær opplæring.

Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad. Skulen er ein kombinert skule med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulen arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er oppteken av læring og læringsmiljø. Arbeid med inkludering er ei satsing som er påbegynt og som vil utfordra både tilsette og elevar til vidare utvikling. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulen har god vaksentettleik.

Tonstad skule ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira. Skulen har eit moderne bygg og stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitetar. Symjehallen ligg vegg i vegg med skulen og Tonstad barnehage er næraste nabo. Det er korte avstandar til alt du treng. Er dette noko for deg, så kom til oss!

Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.

Arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

For stillinga gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette.

Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.

Me ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune

Søknadsfrist: 24.juni 2025

Spørsmål om stillinga kan du retta til rektor Petter Røssland tlf 971 62 627.

Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen

Petter Røssland

+47 97162627

petter.rossland@sirdal.kommune.no

Om bedriften
Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal fin du eit trygt og godt oppvekstmiljø med mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er høvene for friluftsliv unike både sommar og vinter. Kommunen har eit godt utbygd tjenestetilbod på alle områder, med bla. ny skule og full barnehagedekning.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3512485_204613_nn
Apply
Other Job Recommendations:

Ledig stilling - lærer 80% midlertidig stilling - Framnes skole

Sandefjord kommune
Sandefjord
  • Arbeide for et trygt, godt og inkluderende læringsmiljø for...
  • Delta i og bidra til et lærende fellesskap og lærerteam ved...
4 uker siden

Spesialpedagog/Vernepleiar 100 % fast stilling, Malmanger skule

DeepOcean
Vestland
  • Som spesialpedagog /vernepleiar vil du ha ei sentral rolle i...
  • Arbeidsoppgåver i tett samarbeid og planlegging med...
4 uker siden

Rektor i 100% fast stilling inkl. 40% vikariat i undervisningsstilling frå 01.08.2025, Lesjaskog skule

DeepOcean
Innlandet
I Lesja kommune er det eit politisk vedtak om å etablere ei felles leiing for Lesja og Lesjaskog skuler innan skulestart 2026 Du...
4 uker siden

Ledig stilling som deltid brannkonstabel på Oppdal

Trøndelag Brann-og Redningstjeneste IKS
Trøndelag
Trøndelag brann- og redningstjeneste IKS Det er ledig stilling som deltid brannkonstabel ved Oppdal brannstasjon, i 2,5 %...
2 uker siden

Ledig stilling som Miljøveileder ved Talvik oppvekstsenter

Alta kommune
Finnmark
  • Være aktivt tilstede sammen med elever i opplæring
  • Du må være engasjert, selvstendig og løsningsorientert. Du...
2 uker siden