Medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus har ledig to vikariat for legar i spesialisering (LIS 2/3) frå september 2025, førebels ut august 2026. Vikariatet gjeld å vere del av 10-delt vaktplan som LIS 2.
I tillegg til søkjarar som ønskjer indremedisinsk teneste i Helse Førde, er også legar som treng sideutdanning velkomne til å søkje.
Seksjonen har 14 overlegestillingar, 10 LIS2-stillingar, 8 LIS3 og 8 LIS1, og er godkjend for spesialisering innan kardiologi, nefrologi, gastroenterologi, lungesjukdomar og akutt- og mottaksmedisin. Det er søkt om vidare godkjenning innan generell indremedisin.
Akutt- og mottaksmedisin (AMM) er under oppbygging som spesialitet i Helse Førde og har ei viktig rolle i styring av pasientflyt i akuttmottak og oppfølging av observasjonspost.
25.08.2025
Helse Førde
Førde
Legar i spesialisering
2
Heiltid
Vikariat
100
5000917468
15.09.2025
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er knytt til akuttmottak, sengepost, overvakingssenger, medisinsk intensivavdeling og til poliklinikk
- Vakthavande LIS2 kan bli rådspurt i høve innleggingar for dei medisinske seksjonane ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid
- Det er utstrakt tverrfagleg teamarbeid både i vakt-, sengepost- og poliklinisk arbeid og AMM-lege er sentral samarbeidspart til LIS2-vakta
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Søkjar må ha gjennomført LIS1-teneste i Noreg
- Erfaring som LIS frå indremedisinsk avdeling er ein fordel
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, vere fleksibel og like å jobbe i eit tidvis hektisk miljø
Vi tilbyr
- Tett og godt samarbeid med LIS og overlegar og med anna personell i avdelinga
- Støttande og trygt arbeidsmiljø
-
Kontinuerleg fagutvikling og utdanningsverksemd for LIS1-3
- Grunnløn etter tariff
- Individuelt tillegg kr 30.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.