Leiar for Elektroseksjonen

Helse Bergen
Vestland
2 uker siden

Om stillinga
Teknisk avdeling har ansvar for drift, service og vedlikehald av ikkje-medisinsk utstyr, infrastruktur og føretaket sin bygningsmasse på om lag 500.000 m2. Avdelinga har 145 tilsette, eit bruttobudsjett på om lag 350 millionar kroner. Avdelinga er delt inn i to einingar - Byggteknisk- og Eigedomseining og seks seksjonar; Elektro, HMS&Kvalitet, Transportteknisk, Sterilteknikk, Teknisk Voss og Teknisk rus & Psykiatri. Avdelinga har og ansvar for ei prosjektportefølje på+/- 60 millionar kroner i vedlikehalds-investeringar.

I tillegg til drift og vedlikehald av bygningar, har avdelinga ansvar for strømforsyning, oppvarming og kjøling, ventilasjon, vatn og avlaup, heisar og rulletrappar, røyrpost, automatiske transportanlegg og utvendige parkområde- og vegar. Teknisk avdeling har også drifts- og vedlikehald for produksjonsutstyr som autoklavar, dekontaminatorar, steriliseringsmaskinar, instrumentvaskemaskinar; kjøkkenbuffétar, anlegg for medisinske gassar og medisinsk trykkluft; vatnreinsing /dialyse, fryserom og kjemikaliereinsing.

Om stillinga
Vi søker ein engasjert, fagansvarleg og strategisk sterk seksjonsleiar for elektro som vil vere med å forme framtidas tekniske løysingar. Som seksjonsleiar vil du ha det Operative overordna ansvaret for leiing, fagleg utvikling og ressursstyring innan elektroområdet. Du vil inngå i avdelingas leiargruppe og bidra til å realisere våre mål innan bærekraft, innovasjon og kvalitet. Stillinga rapporterer til Teknisk Sjef.

Du vil inngå i eit tett samarbeid med øvrige tekniske seksjonar, der tverrfagleg samhandling er ein viktig suksessfaktor. Seksjonen har ansvar for alle elektroinstallasjonar, fordelt over ein variert og kompleks bygningsmasse. Dette er ein unik moglegheit til å bli ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og spennande utfordringar i stor skala.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

26.08.2025

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stad:

Bergen

Stillingstittel:

Leder for Elektroseksjonen

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4996816776

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle seksjonen for elektro
  • Personalansvar for ingeniørar, teknikarar og elektrikarar
  • Budsjett- og resultatansvar
  • Sikre høg kvalitet i leveransar og prosjekt
  • Bidra til tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
  • Representere seksjonen i interne og eksterne fora
  • Fagleg støtte ifb med DSB Revisjonar og DLE kontrollar
  • Operativt ansvar for Internkontroll [HT1] av elektroanlegga, med påfølgande dokumentasjon
  • Løpande sikre nødvendig dokumentasjon i alle Helse Bergen sine system iht. gjeldande lover og reglar
  • Beslutningsmyndigheit innanfor seksjonens fagområde
  • Samarbeide med andre avdelingar, tillitsvalde og verneteneste
  • Delta i tenestestadens leiargruppe
  • Operativ ansvar for drift og vedlikehald, internkontroll av dokumentasjon for at anlegga er forsvarleg vedlikehaldt

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå innan elektro
  • God leiarerfaring
  • God forståing for prosjektarbeid
  • Erfaring med offentlege anskaffingar og relevante føresegner (t.d. NEK 400, FSE)
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid er sjølvsagt ein fordel. Du må vere godt oppdatert innan gjeldande lover og føresegner for fagområdet
  • Erfaring med fagrelaterte program som Febdoc og andre relevante programvarer

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og målretta
  • Gode samarbeidsevner og evne til å motivere
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og utvikling av medarbeidarar
  • Initiativrik og løysingsorientert
  • Evne til å sjå heilskap og tenke strategisk
  • Skape synergier på tvers av seksjonar
  • Evne til å jobbe strukturert, målretta og med stor grad av sjølvstende
  • Erfaring med teamutvikling og kompetansebygging
  • Personlege eigenskapar som er godt eigna for avdelingas behov og arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande leiarrolle i eit fagleg sterkt miljø
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Unik arbeidsplass

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse:
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Simon Anthony Clausen Jeeves
Avdelingssjef
Telefon:
97500336

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Apply
Other Job Recommendations:

Dagleg leiar

DeepOcean
Region Midtjylland
Du vil ha ansvar for samarbeidet med våre medlemsbedrifter og rapportering til styret Rekruttere lærlingar og legge til rette for...
1 uke siden

Helsefagarbeider i omsorgsteam

Bergen Kommune
Bergen
  • Gjennomføre oppdrag i henhold til tildelt arbeidsliste
  • Være primær-/sekundærkontakt og utføre oppgaver i tråd med...
  • ...
1 uke siden

Secretary

DeepOcean
Oslo
The Embassy of Algeria is seeking to recruit a full-time Secretary. The position covers a variety of tasks and duties in different...
1 uke siden

Mobilreparatør / Teknisk assistent

DeepOcean
Rogaland
  • Arbeid med reparasjon, feilsøking og kundebehandling knyttet...
  • Teknisk innsikt og interesse er viktig for å lykkes i...
5 dager siden

Vi søker

DeepOcean
Innlandet
Er du på utkikk etter en variert og innholdsrik jobb? Liker du å ta initiativ og ansvar, ha fokus på hverdagsmestring og er faglig...
6 dager siden

Bergen Private Gymnas søker personlig assistent

DeepOcean
Vestland
BPG skal være en nyskapende skole med engasjerte og kunnskapsrike ansatte som er tett på elevene På BPG er vi opptatt av å lære...
4 dager siden

Erfarne riggere og flaggmenn til onshore rotasjon

DeepOcean
Bergen
Vi søker derfor etter erfarne Riggere og Flaggmenn med minimum 18 måneders erfaring til langvarige prosjekter med fortløpende...
5 dager siden

Resepsjonister

Olav Thon Gruppen
Akershus
  • Er en humørspreder og trives godt med å jobbe i team
  • Er tilpasningsdyktig og trives i en travel hverdag...
1 uke siden

Vi søker kvalifisert kokk med erfaring fra indisk kjøkken

DeepOcean
Region Midtjylland
Vi søker en faglært indisk kokk med kunnskap med både sørindisk og nordindiske smaker Rask og effektiv uten å gå på kompromiss med...
6 dager siden

Driftsleder

DeepOcean
Trøndelag
SalMar ASA er et av verdens største og mest effektive selskap innen produksjon og foredling av laks Lede, planlegge og organisere...
5 dager siden