Hans Blomgate 42, 6905 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest tirsdag 19. august
Ledig stilling som pedagog Florø barneskole
Florø Barneskole har ledig eit vikariat (100%) som lærar: Frå snarast – 31.07.26
Florø Barneskole har ca. 425 elevar, og 80 tilsette.
Vi søker deg som har eleven i fokus, skaffar deg innsikt i deira behov og samarbeider med andre pedagogar , fagarbeidarar og miljøterapeutar for å skape kvalitet i tilbodet til alle elevane. Du er opptatt av å skape eit godt læringsmiljø for elevane våre og legg vekt på eit inkluderande miljø der alle har det trygt og trivast, og lærer det dei skal. Vi jobbar strategisk for at skulen skal nå sine mål. Vi er ute etter deg som vil delta i å profesjonalisere det pedagogiske arbeidet gjennom deltaking på kompetanseheving på ulikt vis. I denne stillinga blir du ein del av eit fagleg sterkt, og hyggeleg team, som finn dei beste løysingane saman.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver
Undervisning på 1.-7. trinn, ev kontaktlæraransvar etter avtale.
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar
Undervisningskompetanse for undervisning i 1.-4. klasse/1.-10.klasse/1.-7. klasse/5.-10. klasse.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg som trivast blant både små og store, som har godt humør og engasjement. Du set barnet i fokus. Du er allsidig og fleksibel. Du kvir deg ikkje for å ta på deg ansvarsoppgåver for fellesskapen. Du er nysgjerrig, utprøvande og oppteken av di eiga læring og utvikling. Du er ein varm og tydeleg klasseleiar og kommuniserer godt med barn, foreldre og kollegaer.
Vi tilbyr
Vi tilbyr
Mange spennande og givande oppgåver med meining.
Eit fagfellesskap med fokus på utvikling og trivsel i alle ledd.
Lønn etter tariff
Kompetanselønn
Pensjon og forsikringar i KLP
Kontaktinformasjon
Øyvind Østrem, Rektor ved Florø barneskole, +47 46936023
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.