Lærar på vaksenopplæringa - vikariat frå 27.10. 25 - 31.07.26
DeepOcean
Telemark
Part time
3 uker siden
Integreringstenesta, Nissedal kommune
Treungvegen 378, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar på vaksenopplæringa - vikariat frå 27.10. 25 - 31.07.26
Oppstart
30. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 83.5%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest mandag 7. juli
Vi har eit svangerskapsvikariat som lærar i 83,5% stilling ved vaksenopplæringa i Nissedal kommune frå 27.10.25 til 31.07.26.
Vaksenopplæringa er samlokalisert med integreringskoordinatorane, og saman utgjer desse avdeling for integrering.
Vaksenopplæringa i Nissedal har norskkurs for nybegynnarar og vidarekommande opp til B1-nivå.
Kursa er på ulike nivå og med ulik framdrift.
Undervisninga skjer hovudsakeleg på dagtid måndag, tysdag og onsdag. Vi fylgjer grunnskulen si skulerute.
Hovuddelen av tenesta er retta inn mot nyankomne flyktningar til kommunen, men har og opplæring retta mot førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, samt opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter i den førebuande opplæringa for vaksne.
Avdelinga er ei lita avdeling med fem tilsette. Det er godt arbeidsmiljø og spennande samarbeid mellom vaksenopplæring og integreringskoordinatorane.
Avdeling for integrering har lokaler i bygget til Prix i Treungen sentrum.
Vi kan vere hjelpsame med annan stilling innen eining for oppvekst og kultur frå 01.08.25 for at stillinga skal følgje skuleåret.
Du må då vere villig til å vere vikar innan barnehage og skule i den perioden, før oppstart på vaksenopplæringa 27.10.
Arbeidsoppgåver
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne flyktningar
Førebuande- og vidaregåande opplæring for vaksne, i samarbeid med habiliteringstenesta
Kartlegging, differansiering og oppfølging av elevane
Samarbeide med integreringskoordinatorane, Nav, PPT, m.fl.
Individuell opplæringsplan og årsrapport ved spesialundervisning, samt tett kontakt med habiliteringstenesta (Kåsa)
Stillingsomtale er utarbeida
Kvalifikasjonar
Naudsynt pedagogisk utdanning til å undervise i norsk, jf. krav i forskrift til opplæringslova § 12-1
Erfaring frå undervisning, spesielt med vaksne elevar, er ein stor fordel
Evne til å bruke digitale verktøy i undervisninga er stadig viktigare, spesielt i vaksenopplæring
Du må ha god språkkompetanse og kjennskap til norsk språk og kultur.
Personlege eigenskapar
Kommunikasjonsevne: Evne til å kommunisere klart og effektivt med vaksne elevar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Empati og forståing: Evne til å forstå og støtte elevar med ulike bakgrunnar og læringsbehov
Tålmodigheit: Evne til å vere tålmodig og støttande, spesielt når elevar møter utfordringar
Tilpassingsdyktigheit: Evne til å tilpasse undervisningsmetodar og materiale til ulike læringsstilar og behov
Engasjement og entusiasme: Evne til å inspirere og motivere elevar gjennom engasjement og entusiasme for faget
Samarbeidsevne: Evne til å jobbe godt i team og samarbeide med heile avdelinga for integrering
Refleksjonsevne: Evne til å reflektere over eigen praksis og kontinuerleg søke å forbetre undervisninga
Vi tilbyr
Eit spennande stilling i møte med nye menneskje med spennande historier
Samfunnsengasjement! I denne jobben bidreg du til samfunnsutvikling. Du får ein unik sjanse til å gjere ein forskjell i vaksne elevar sitt liv.
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon
Reidun Carol Retterholt, Kommunalsjef for oppvekst og kultur, +47 95921972
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.