Veråsvegen 71, 5955 Lindås, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut - 85 % tilsetjing
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest onsdag 18. juni
Om stillinga
Vi har ein spennande moglegheit for deg!
Frå 01.08.25 har vi ledig ei fast stilling som miljøterapeut i 85 % stilling ved Lindås ungdomsskule. Du vil arbeide tett saman med undervisningspersonale og fagarbeidarar/assistentar på skulen vår.
Stillinga føl skuleruta, i undervisningsfrie periodar vil du ha arbeidsfri.
Lindås ungdomsskule ligg vakkert til med utsikt over Lindåsosane, Skulen vår har ein lang skulehistorie. Me har omalg 150 elevar og eit personale på vel 20 dyktige medarbeidarar.
Vi er stolte over å vere ein MOT-skule. Vår visjon er; meistring gjennom læring, samspel og mot. Vi har som mål å skapa ein trygg og triveleg skulekvardag for alle våre elevar. For at elevane skal få eit godt grunnlag for å meistra livet sitt vidare, satsar vi på utvikling av sosiale ferdigheiter. Våre satsingsområde er lesing i alle fag, utvikling av dei grunnleggjande ferdigheitane gjennom fagrom og karakterdempa fokus. Hovudmålet er at ungdommane våre skal oppleve meistring og ha eit læringsutbytte.
Inkluderande undervisning, elevmedverknad, den aktive eleven, og relasjonskompetanse er viktige satsingsområde for oss.
Arbeidsoppgåver
Som miljøterapeut vil du ha ei viktig rolle i å skape trygge ungdommar som trivst i skulekvardagen. Å bygge kultur for eit felleskap, at alle elevar er inkludert, er viktig for oss, og ein stor del av fokuset vårt kvar dag. Du må jobbe etter ein strukturet dagsplan, og samarbeide med faglærarane i klassen. Hovudmålet er at ungdommane våre skal oppleve meistring og ha eit læringsutbytte
Oppgåvene er varierte, individuell støtte og rettleiing til elevar med særleg behov, ein til ein eller i liten gruppe, både i klasserommet og i ulike situasjonar.
Som miljøterapeut er ein del av skulens miljøfaglege ressursar, samt skulens kollegium som jobbar tett saman til det beste for elevane.
Vi ønsker kompetente vaksne som skal støtte elevane sosial, emosjonelt og fagleg, og bidra til at dei opplever læring og meistring. Det betyr planlegging, igangsetting, rettleiing, oppfølging og tilrettelegging. Arbeidet vil variere etter elevanes behov, og planleggast saman med leiare og lærarane.
Du skal bygge sterke samarbeidsbånd gjennom å delta i tverrfagleg samarbeid med lærarar, andre fagpersonar og aktuelle instansar for å sikre heilskapleg oppfølging av elevane. Ved å samanføre ulike perspektiv og kompetansar, skal du skape eit kraftfullt nettverk av støtte rundt elevane og bidra til eit inkluderande og givande læringsmiljø.
Gjennom samarbeid med heimen skal du gje verdifulle råd og rettleiing om individuell tilrettelegging og ressursar. Ved å vere ei kjelde til informasjon og støtte for heimen, skal du sikre ein heilskapleg tilnærming til elevane si utvikling og trivsel.
Kvalifikasjonskrav
Godkjent relevant 3-årig høgskuleutdanning td. vernepleiar, sjukepleiar, barnevernspedagog eller sosionom
God innsikt og forståing for gjeldane lovverk
Relevant og allsidig erfaring frå grunnskule, helst frå ungdomstrinn
Kunnskap om og erfaring med å setje i gang tiltak basert på kartlegging og undersøkingar
Kunne gje og ta imot rettleiing, erfaring med å leie og koordinere arbeid
Kunne jobbe systematisk og strukturert
Du er kompetent og har erfaring med å arbeide med elevar som har helserelaterte utfordringar
Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Du er varm og inkluderande i møte med elevar
Brenner for arbeid med skulemiljøet til elevane
Høg relasjonskompetanse og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du er fleksibel, løysingsorientert, strukturert og har ansvarsmedvite
Trivst i ein aktiv og travel kvardag, men har og evne til å ha det gøy på jobb
Noko arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast etter nærare avtale
Du er god til å skape tryggleik og gode relasjonar med elevar, føresette og kolleger
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i rekrutteringsprosessen
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Vi tilbyr
Spennande jobb med fagleg oppfølging og rettleiing
Lønn etter avtaleverket
Eit sosialt og inkluderande personale
Ein positiv arbeidsplass
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt skule
Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!
Kontaktperson for stillingen
Gurid Espe
Rektor Lindås ungdomsskule
+47 948 70 050
gurid.espe@alver.kommune.no
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.