Om stillinga
Er du vår nye kollega på natt? Vi har ledig 80 % stilling på natt i Miljøarbeidertenesta, avdeling Åsavegen.
Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til omlag 60 brukarar med nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Vi har ca. 70 årsverk fordelt på sju avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet. Overordna mål er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Dette stiller krav til relasjonskompetanse, eignaheit og individuelt tilpassa tenesteyting i tråd med lovverk, nasjonale og lokale føringar.
Som tilsett hjå oss på natt skal du bidra til at bebuarane får eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Du vil arbeide brukarnært, følge observasjonar og tiltak saman med to andre kollegaer på natt. Turnusen er organisert som årsturnus, med arbeid kvar fjerde helg. Ein må påregne å stille på personalmøter, fagmøter etc inntil seks gangar i løp av turnusåret.
Har du spørsmål til turnus eller stillinga? Ikkje nøl med å ta kontakt.
Tiltreding 20.10.25 eller etter avtale.
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- Helseoopfølging
- Praktisk bistand
- Observasjonar og dokumentasjon
- Kapittel 9
Kvalifikasjonar
- 3 årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning, kan det vere aktuelt og tilsette andre med interesse for og erfaring frå denne brukargruppa.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ynskjeleg med erfaring innan målgruppa
- Gode IKT-kunnskapar
- Personleg eignaheit vil bli veklagt i stor grad
Vi søker etter deg som
- Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og planmessig
- Som har godt humør, god omsorgsevne og er god til å skape relasjonar
- Som er ein pådrivar for å skape ei god teneste, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Er initiativrik og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Engasjerte og kvalifiserte kollegaer.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Høgskulestudentar innen relevant utdanning får lønnskompensasjon
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Adresse: Grandavegen 9, 6823 Sandane
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.