Pedagogisk medarbeider i Sørstrand Maritime barnehage.
DeepOcean
Vestland
Full time
1 dag siden
Sørstrand maritime FUS barnehage as
6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest mandag 1. september
I FUS har vi store ambisjonar – vi ønskjer å bli best på barnehage! Vi trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og vi søkjer ein engasjert assistent/fagarbeidar som vil vere med på denne reisa.
Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar?
Ja? Då er du kanskje den vi ser etter!
Vi tilbyr:
Ein variert og aktiv kvardag
Moglegheit for å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser
Moglegheit for å bidra til vidare utvikling av barnehagen
Moglegheita for å bli ein del av ein kjede med stort fagleg fokus
Godt samarbeid med andre FUS-barnehagar i eit av Noregs største private barnehagenettverk
Gode løns- og pensjonsvilkår
Eigne FUS-klær
Arbeidsoppgåver:
Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet
Bidra til å sørgje for den heilskaplege omsorga av det enkelte barnet og barnegruppa
Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet
Vi ønskjer at du:
Er samarbeidsvillig og kan løyse utfordringar saman med andre
Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, foreldre og kollegaer
Er påliteleg og ansvarsmedviten
Legg inn eige punkt om ønskjeleg
Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap.
Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.