Støttetenester, Voss sjukehus som består av reinhald, portør og innkjøp, har eit godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidarar. Voss sjukehus har om lag 420 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.
Vi har no ledige stilling som reinhaldar i 100% frå snarast. Stilling i turnus med dag-, kveld- og helgevakter
02.07.2025
Helse Bergen HF
Voss
Reinhaldar
1
Heiltid
Fast
100
4986361010
Arbeidsoppgåver
- Hovudreinhald
- Reinhald av personalbustadar
- Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde
- Vedlikehaldsoppgåver
- Smittevask
- Vask og reiing av senger
-
Arbeidsoppgåver i postkjøkken
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter personar med interesse for, og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget
- Det er ikkje krav til fagbrev, men vil vere ein fordel
- Det er krav til gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vera utadvent og serviceinnstilt
- Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Kunne arbeide sjølvstendig men òg ha gode samarbeidsevner
- Arbeidet er fysisk krevande
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Godt fagleg arbeidsmiljø og teamarbeid med motiverte og hyggelege kollegaer
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.