Rettleiar

DeepOcean
Vestland
Full time
4 dager siden
Nav Bjørnafjorden

Holtbrekka 7, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel

Rettleiar

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidstid

Dagtid, ukedager

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest fredag 22. august

Ved Nav Bjørnafjorden har vi ledig ei 100% stilling som rettleiar i avdeling arbeid og oppfølging. Vi ser etter deg som trivst med å finne gode løysingar i samspel med menneske i krevjande situasjonar. Er du ein person med pågangsmot og engasjement, som ønsker å bidra til at flest mogleg vert inkludert i arbeidsmarknaden? Trivst du i ein hektisk kvardag med varierte oppgåver? Då kan du vere den vi ser etter!

Nav Bjørnafjorden er regionkontor i region Midthordland. Nav region Midthordland skal levere eit heilskapeleg og effektivt tenestetilbod med utgangspunkt i behovet til innbyggarane, og i samsvar med måla til kontoret og føringane og rammene som lovverket gir.

Arbeidsoppgåver
Oppfølging og rettleiing av personar som treng hjelp til å avklare moglegheiter for arbeid
Bidra til og utarbeide plan med aktivitetar mot arbeid, og støtte opp under at dei blir gjennomført
Kartlegge den einskilde sine ressursar og moglegheiter med mål om arbeid
Motivere arbeidssøkarar til arbeid
Samhandle med kollegaer, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
Saksbehandle og dokumentere i våre fagsystem etter gjeldande lovverk og retningslinjer
Oppsøke og samarbeide med arbeidsgivarar for å gi fleire arbeidssøkarar moglegheiter i arbeidslivet
Halde deg fagleg oppdatert på lovverk og arbeidsmarknaden

Nav er i stadig utvikling, arbeids- og ansvarsområdet kan derfor endre seg ved behov.

Kvalifikasjonar
Utdanning på minimum bachelornivå, til dømes sosionom, sosiologi, samfunnsvitenskap eller juss. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
Erfaring frå rettleiing av menneske i endringsprosessar
Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og muntleg
Gode digitale ferdigheiter og interesse for å ta i bruk nye digitale verktøy
Interesse og forståelse for lov- og rammeverket i Nav
Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:
har evne til å arbeide strukturert og målretta
er trygg og som taklar ein variert og hektisk arbeidskvardag
set deg raskt inn i nye arbeidsoppgåver og utfordringar
er god til å bygge relasjonar, motivere og inspirere
har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
Meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
Tilsetting på statlege vilkår i stillingskode 1434 rådgivar, med lønsspenn frå kr 570 500 - 605 500 pr år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)

Kontaktinformasjon
Ståle Haugland, Avdelingsleiar arbeid og oppfølging, 406 45 126

Arbeidsstad
Holtbrekka 7
5200 Os

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 4996101366
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.08.2025

Kontaktperson for stillingen

Ståle Haugland

Avdelingsleiar arbeid og oppfølging

406 45 126

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

203cfa2a-fde6-4333-b59a-b6d8295648bc

Hentet fra

talentech

Referanse

cb6fc67bf451464f8caba966efb05f0f
Apply
Other Job Recommendations:

Assistent i brukerstyrt personlig assistanse (BPA)

DeepOcean
Innlandet
Vi søker en pålitelig og engasjert assistent til en brukerstyrt personlig assistanse (BPA)-ordning Stillingen er på inntil 8,5...
4 dager siden

Kreativ og sosial dame søker assistenter

Mio BPA
Trøndelag
kr 450 000 - kr 450 000
📍 Arbeidsgiver: Mio BPA📅 Tiltredelse: Snarest📌 Stillingstype: To midlertidige stillinger og tilkallingsvikarer⏰ Arbeidstid: Dag og...
4 dager siden

SalMar Farming AS søker driftsoperatører til region Frøya/Hitra

DeepOcean
Trøndelag
Til et av våre anlegg i region Frøya/Hitra har vi nå behov for driftsoperatører. Har du det i deg og har du lyst til å være med...
21 timer siden

Pasientkoordinator ved Urologisk Avdeling, inntakskontoret

Oslo universitetssykehus
Norge
  • For å trives med arbeidsoppgaver hos oss, ser vi etter deg...
  • Du er en stabil og pålitelig medarbeider med lavt behov for...
4 dager siden

Extra Mosjøen søker butikkmedarbeidere på helg & tilkallingshjelp

DeepOcean
Nordland
Extra Mosjøen trenger flere flinke folk på laget og søker nye lagspillere! Er du serviceinnstilt, motivert og har lyst til å jobbe...
4 dager siden

Helsefagarbeider, natt

Ålesund kommune
Ålesund
Det er fleire pasientar som har innvilga langtidsplass og som ventar på plass ved andre sjukeheimar i kommunen Åse helsehus har...
3 dager siden

Business Development Manager

Arrow Electronics
Oslo
  • Background in AI projects or IT security...
  • 3-5 års erfaring innen Business Development eller Account...
4 dager siden

Policy Researcher-(JRFP)

European Institute of Policy Research and Human Rights
Oslo
The European Institute of Policy Research and Human Rights is a prestigious institution that offers cutting-edge online programs...
3 dager siden

Fagarbeidar

Sunnfjord kommune
Vestland
  • er kreativ og god på å jobbe med menneske
  • er strukturert, og flink til å planlegge eigen...
  • er engasjert og har evne til å motivere...
3 dager siden

Allsidig snekker, gulvlegger, maler

DeepOcean
Troms
Fagbrev, kan erstattes med gode erfaringer og referanser Arbeidsbil med nødvendige verktøy Vi er en snekker bedrift som...
3 dager siden