Rådgjevar/seniorrådgjevar personvern og innkjøp

DeepOcean
Vestland
Full time
2 uker siden
NDLA - Vestland fylkeskommune

Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen, Hybridkontor

Om jobben

Stillingstittel

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidstid

Dagtid, ukedager

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest søndag 10. august

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er Noregs leiande produsent av digitale læringsressursar for vidaregåande opplæring. Målet vårt er å medverke til eit meir ope og inkluderande kunnskapssamfunn der kunnskap er tilgjengeleg for alle.

NDLA er eit oppgåvefelleskap mellom 14 fylkeskommunar. Vestland er vertskommune for selskapet og har oppretta ein NDLA-seksjon med seks tilsette for å ivareta administrasjon og leiing av selskapet. Dei øvrige medarbeidarane er tilsett i eit av dei samarbeidande fylka og innlånt til NDLA.

Vi søker no etter ein rådgjevar for personvern og innkjøp.

Som rådgjevar hos NDLA får du ei nøkkelrolle i å sikre at vi følgjer lover og reglar innan personvern (GDPR) og offentlege innkjøp. Du skal bidra til å utvikle gode rutinar, dokumentasjon og system som gir tryggleik og oversikt – både for oppgåvefellesskapet og brukarane våre.

Du blir ein viktig støttespelar for kollegaer og får jobbe tett med ulike fagmiljø og opp mot leilinga.

Arbeidsoppgåver

Du vil jobbe med å

Sørgje for at vi følgjer GDPR og personvernreglane
Lage og oppdatere dokument som databehandlaravtalar og risikovurderingar
Rådgje kollegaer om personvern
Planleggje og gjennomføre innkjøp etter reglane for offentlege innkjøp
Utforme konkurransegrunnlag og kontraktar
Følgje opp leverandørar og avtaler
Leie mindre prosjekt knytt til personvern eller innkjøp

NDLA er ein mindre organisasjon der alle bidrar til å løyse felles oppgåver. Det kan bli aktuelt å bistå med oppgåver knytt til personalforvaltning, arkiv, saksførebuing, sekretariatsarbeid for styret og representantskap, og gjennomføring av arrangement. Oppgåver vil avhenge av behov og kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på masternivå, til dømes innan jus, offentleg administrasjon eller økonomi. Bachelorgrad saman med lang, relevant erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande mastergrad. I så fall vil stillinga får tittel spesialkonsulent.
Erfaring med personvernarbeid og GDPR
Kjennskap til regelverket for offentlege innkjøp
God digital kompetanse og systemforståelse
Personlege eigenskapar

Vi trur du passar godt hos oss dersom du

Er god til å samarbeide og finne løysingar
Likar å formidle fag på ein enkel og forståeleg måte

Du er open og nysgjerrig, har høg integritet og tek ansvar
Løyser dine oppgåver planmessig og systematisk

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

Å bli med på eit viktig og meiningsfullt oppdrag ved å utvikle og tilby læremiddel og tenester for elevar som skal ut i arbeidslivet.

Ei spennande og variert stilling med dyktige og engasjerte kollegaer

Eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, både internt og i samarbeid med juridisk seksjon og innkjøpsseksjon i Vestland fylkeskommune

Gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs og seminar.

Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheit for heimekontor

Løn og tittel etter kvalifikasjonar

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Høyrest dette ut som noko for deg? Send oss en søknad – vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, kan du kontakte administrasjonsleiar Kristin Rønn Finstad.

Du finn meir informasjon om NDLA på www.ndla.no

Kontaktinformasjon
Kristin Rønn Finstad, Administrativ leiar, 41437970, kristin@ndla.no

Arbeidsstad
Vestre Strømkaien 13
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4993622636
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025

Kontaktperson for stillingen

Kristin Rønn Finstad

Administrativ leiar

41437970

kristin@ndla.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Nettsted

https://ndla.no

Annonsedata

Stillingsnummer

672a0d6b-3fc6-4fc5-b03b-31fc55337082

Hentet fra

talentech

Referanse

6e416f6f369045a4be54334642de2aaf
Apply
Other Job Recommendations:

Glass og fasade montør

DeepOcean
Haugesund
Kraft Glass & Aluminium As Årabrotsveien 21 D, 5515 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Glass og fasade...
1 uke siden

Resepsjonist og butikkmedarbeider

DeepOcean
Vestland
Du som er imøtekommende og tar godt vare på kundene. Besvare telefon, ta i.ot bestillinger,selge produkter, dagsoppgjør og renhold...
1 dag siden

Malere Gjøvik og Hamar

DeepOcean
Hamar
Gbs Malerservice As ønsker flere ansatte for innvendig og utvendig malerarbeid Gbs har avdeling både i Gjøvik og på Hamar. Vi ser...
4 dager siden

Søker flere Lastebil sjåfører for kl CE i Oslo og Akershus område.

DeepOcean
Oslo
Lastebil Transport Sentral AS Lastebil Transport Sentral As ble etablert år 2018 og har base i Oslo Vi er et mellomstort...
2 dager siden

Cafe Avec søker deg som er glad i å jobbe og som presterer godt i en hektisk hverdag.

DeepOcean
Troms
En hektisk men gøy arbeidsdag hvor du møter mange hyggelige kunder der ingen dager er lik. Cafe Avec er en cafe som ligger i...
1 uke siden

Dyktig og engasjerte servitører søkes

DeepOcean
Troms
Du er engasjert, har fokus på kvalitet og ønsker høy standard. Er innstilt på at vaktene er på kveldstid og i helger. Vi har høyt...
2 uker siden

Barne- og ungdomsarbeider

DeepOcean
Tromsø
Vi har ledig en fast 100% stilling som barne- og ungdomsarbeider fra 01.09.2025 Tusseladden friluftsbarnehage er organisert som et...
1 uke siden

En trivelig og utadvendt deltidsmedarbeider

DeepOcean
Innlandet
Vi skal nå satse videre og mye mere på vår stasjon på Raufoss Det vi ser etter er en blid og utadvendt person som byr litt på seg...
3 uker siden

blid og hyggelig Butikkmedarbeider Kasse

NorgesGruppen
Nordland
I EUROSPAR legger vi vekt på lokal tilhørighet og vi søker deg som vil være med å skape den beste lokale handleopplevelsen, hver...
3 uker siden

Selvstendig sjåfør i Drammen, Lillestrøm,Kongsviger og Oslo

DineHome
Drammen
kr 500 - kr 30 000
DineHome søker sjåfører med egen bil – og godt humør DineHome vokser raskt, og vi trenger flere dyktige og selvstendige sjåfører i...
3 uker siden