6843 Skei i Jølster, Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Nattevakt og helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk senest søndag 31. august
Skei bu- og miljøtenester yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming. Tenestene inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivets funksjonar som ernæring/hygiene, sosiale ferdigheiter og aktivitetar. Personalbasen er nær knytt opp til bufellesskapet med 7 leilegheiter. Vi vil at våre tenester skal gje dei som bur her gode opplevingar, meiningsfulle aktivitetar, trygge dagar og netter. Vi ser etter deg som vil vere med på dette.
Vi har ledig:
1 x 70 % fast stilling som nattevakt
1 x 25 % fast helgestilling kvar 4.helg i langvaktturnus
1 x 20 % fast stilling som nattevakt kvar 4. helg
2 x 20 % fast helgstillingkvar 3.helg
Vi søker deg som:
har helse og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning
har fagbrev som helsefagarbeidar
studentar som tar relevant helse-sosialfagleg eller pedagogisk utdanning
har ønske om, og glede av, å arbeide med menneske med samansette behov
er ein pådrivar for å motivere og aktivisere brukarane, og som trivast med å vere ute og vere fysisk aktiv
er roleg, robust og kan handtere krevande situasjonar
har evne til å arbeide både i team og sjølvstendig
har gode samarbeidsevner
vil bidra til eit godt arbeidsmiljø der ein har fokus på å spele kvarandre gode
Vi oppmodar andre med erfaring eller interesse for denne type arbeid om å søke. Dei som ikkje har relevant utdanning vert tilsett i mellombelse stillingar.
Studentar som tek vernepleie-eller sjukepleiarutdanning har eiga lønnsramme med stigande løn under studiet.
Krav til søkar:
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
personlege eigenskapar vert vekta høgt
godkjend politiattest
fordel med førarkort for bil
Vi kan tilby:
kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
gode pensjons- og forsikringsordningar
Er du interessert eller har spørsmål kontakt einingsleiar Mariann Heggheim, 98660695
Velkommen som søkar!
Du søker elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentlig søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Einingsleiar Mariann Heggheim
+47 986 60 695
mariann.heggheim@sunnfjord.kommune.no
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.