Skipsførar/nautisk prosjektressurs - Lavik-Oppedal

Fjord1
Vestland
Full time
1 uke siden

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Vil du vere med på å starte opp verdas første autonome ferjesamband?

Vi søker navigatør til engasjement som prosjektressurs for realisering av anbodet Lavik Oppedal. Etter endt engasjement tilbyr vi fast stilling i Fjord1, fortrinnsvis knytta til drift av sambandet Lavik - Oppedal.

Fjord1 søkjer etter 2 navigatørar til eit spennande prosjekt der du i eit team vil ha ei sentral rolle som nautisk opplæringsressurs for nye fartøy. Du vil starte som prosjektressurs og vil tileigne deg kompetanse om dei nye fartøya ved Tersan Shipyard i Tyrkia. I tillegg vil du ha oppfølgingsansvar for fartøya ved ankomst Norge.

Kvar av ferjene skal ha kapasitet til 120 personbileiningar og 399 passasjerar, og vil bli utrusta med batteri og ladesystem for heilelektrisk drift på sambanda. Design og teikningar er det HAV design som står bak, Norwegian Electric System er systemintegrator.

Fartøya skal leverast frå verft mellom februar og juli 2026 og oppstart i nytt anbod er 1. september 2026.

Turnus er 4 veker i Tyrkia etterfulgt av 1 veke på kontoret i Florø, før 3 veker avspasering.

For periode i Norge legg ein opp til 2 veker på og 2 veker av. Andre ordningar vil bli vurdert.

Oppstart: oktober/november 2025.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

31.08.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stillingstittel:

Skipsførar til prosjekt Lavik-Oppedal

Stillingar:

2

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4997282301

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Deltaking under testing, oppstart og prøveturar
  • Dagleg kommunikasjon med byggetilsyn og verft
  • Planlegge og evt delta på seglas frå Tyrkia til Norge
  • Koordinere og stå for opplæringsaktivitetar for nytt mannskap i Tyrkia og i Norge
  • Opplæring og tidvis ei rolle i nytt kontrollsenter ved hovudkontoret i Florø
  • Oppdatering av database i vedlikeholdssystem og fartøyhandbok
  • Ettersjå og drifte nye fartøy i samarbeid med driftsorganisasjon og planlegge oppstart av fartøy
  • Bidra til erfaringsoverføring til andre prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Navigatør
  • Gode engelskkunnskapar
  • Erfaring frå lengre verftsopphald vil vere ein fordel
  • Allmenn datakunnskap
  • Gode ferdigheiter i bruk av vedlikehold- og sikkerheitsstyringsystem

Personlege eigenskapar

  • Systematisk
  • Ha interesse og evener til å tileigne seg og vidareformidle ny kunnskap
  • Ansvarleg
  • Fleksibel
  • Løysingsorientert
  • Evne til å arbeide i team
  • Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar

Vi tilbyr

  • Attraktive lønnsvilkår
  • Rotasjonsordning, 5 på 3 av for delar av engasjementet. For periode i Norge etablerar ein andre ordningar som ivaretek jobb og fritid.
  • Kompetansefremjande stilling innan nyskapande og framtidsretta teknologi
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fri bustad i Florø ifm prosjektet



Adresse:
Florø, 6905 Florø


Kontaktinformasjon

Sigrunn Hellebust
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon:
+47 47330488
E-post:
sigrunn.hellebust@fjord1.no

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Apply
Other Job Recommendations:

Maskinsjef - prosjektressurs - Lavik-Oppedal

DeepOcean
Vestland
Vil du vere med på å starte opp verdas første autonome ferjesamband? Vi søker maskinsjefar til engasjement som prosjektressurs for...
1 uke siden

Skipsførar/nautisk prosjektressurs - Lavik-Oppedal

DeepOcean
Vestland
Vil du vere med på å starte opp verdas første autonome ferjesamband? Vi søker navigatør til engasjement som prosjektressurs for...
1 uke siden

Skipsførar i sambandet Lote - Anda, p.t. MF Eidsfjord

Fjord1
Vestland
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet,...
3 uker siden

Data Engineers

Sopra Steria
Vestland
  • Dataplattform, med tjenester som Fabric/Synapse, Databricks...
  • Skybasert arkitektur i Azure, AWS eller Google Cloud, og...
5 dager siden

Arbeidsveileder

Kirkens Bymisjon
Region Midtjylland
  • Bidra til et godt samarbeid og flyt i avdelingens...
  • Du har god fagkompetanse i søm og tekstil...
3 dager siden

Promotør

DeepOcean
Trøndelag
Vil du tjene skikkelig bra, ha det gøy på jobb og lære salg av de beste i bransjen? Vi i AB Marketing utvider nå dørteamet i...
3 dager siden

Konservator

DeepOcean
Innlandet
Dokumentasjon, kunnskapsutvikling og forskning knyttet til samlingene på Maihaugen, med hovedvekt på bygningssamlingen Oppfølging...
22 timer siden

Barne og ungdomsarbeider/assistent

DeepOcean
Trondheim
Har du lyst til å jobbe i en barnehage som i årevis har hatt godt arbeidsmiljø, høyt nærvær og lavt fravær? Være med og skape...
4 dager siden

Kokk på fartøy

DeepOcean
Ålesund
Vårt samfunnsoppdrag er å sikre en trygg, ren og sikker kyst som er tilgjengelig for alle Vi søker nå etter en dyktig kokk som...
4 dager siden

Barnehagelærer - vikariat 2.gangs utlysning

DeepOcean
Buskerud
I FUS har vi store ambisjoner – vi ønsker å bli best på barnehage! Vi tror at nysgjerrige, trygge og lekne barn skaper fremtiden,...
4 dager siden