Vil du vere med og styrkje det førebyggjande arbeidet for ungdom i Hjartdal?Hjartdal kommune søkjer Utekontakt / Ungdomslos – 100 % prosjektstilling frå 01.09.2025
Er du oppteken av at barn og unge skal oppleve meistring, livsglede og lære gode strategiar for å handtere motgang? Har du lyst til å gjere ein forskjell for ungdom som står i fare for å falle utanfor?
Hjartdal kommune har fått tilskotsmidlar frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, og prøver no ut ei ny, målretta satsing. Vi søkjer deg som vil jobbe tett på ungdom i sårbare livssituasjonar, og som ønskjer å bidra til tryggleik, motivasjon og retning for unge menneske. Stillinga som utekontakt/ungdomslos er eit eittårig engasjement med moglegheit for forlenging.
Om stillinga
Stillinga er ei førebyggjande rolle retta mot barn og unge med psykiske helseutfordringar eller begynnande problem knytt til rus og/eller kriminalitet, og som står i fare for å falle ut av skule, fritidstilbod og meiningsfulle aktivitetar – eller som allereie har gjort det.
Du vil vere ein trygg vaksenperson med tid og evne til å bygge relasjonar, lytte og rettleie. Som ungdomslos/utekontakt jobbar du i kryssfeltet mellom individ og system – og du blir ein viktig ressurs i det tverrfaglege arbeidet vårt. Likevel vil mye av tida di gå direkte til å vere med barna og ungdommane.
Arbeidsoppgåver
Vere synleg og aktiv i ungdom sitt nærmiljø – på skular, fritidsarenaer og digitale plattformer
Drive oppsøkjande arbeid og bygge relasjonar til barn og unge med behov for støtte
Tilby samtalar og rettleiing knytt til psykisk helse, rus, relasjonar og livsmeistring
Observere og kartleggje behov, og bidra til samordna tiltak
Samarbeide tett med skulemiljøteam som består av miljøterapeutar, spesialpedagogar, helsesjukepleiarar og SLT-koordinator
Delta i møte på både individ- og systemnivå
Ha kontakt med føresette og tilby støtte og rettleiing til heimen
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning, fagbrev eller erfaring frå arbeid med ungdom (ønskjeleg, men ikkje krav)
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Gode samarbeidsevner og vilje til å spele andre gode
God relasjonskompetanse og tryggleik i møte med ungdom
Gode digitale ferdigheiter
Gode munnlege norskkunnskapar
Førarkort klasse B og tilgang til bil
Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt
Vi ser etter deg som:
Har eit brennande engasjement for barn og unge
Møter ungdom med varme, respekt og tydelege grenser
Skapar tillit og tryggleik gjennom tilgjenge og relasjon
Er robust, raus og reflektert i eiga rolle
Er ein god rollemodell og har evne til å justere eiga praksis
Vi tilbyr:
Ein meiningsfull jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell
Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Tett fagleg samarbeid på tvers av tenester
Lønn etter gjeldande regulativ
Anna informasjon
Politiattest etter opplæringslova § 10-9 må leggjast fram før oppstart
Søknad sendast elektronisk via lenka i utlysinga
Dersom du ønskjer å bli unnateke offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Om kommunen vurderer at vilkåra ikkje er oppfylte, vil du bli kontakta før eventuell offentleggjering
Har du spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med oss – vi vil gjerne høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Mari Moen
Førebyggjande miljøterapeut
47839170 +47 47839170
Mari.Moen@hjartdal.kommune.no
Om bedriften
Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet. Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134. Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap. I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.