Blombakkane 3, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ekstrahjelp
Type ansettelse
Engasjement, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest tirsdag 26. august
Om avdelinga:
Har du lyst å jobbe som vikar på ein triveleg arbeidsplass?
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som samen gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Senteret inneheld to bufellesskap for eldre, et bufellesskap for vaksne utviklingshemma, ei dagavdeling og omsorgsbustader. Vi søkjer etter studentar/elevar under helsefagleg utdanning og andre som ønsker å jobbe som vikar i våre bukollektiv og omsorgsbustader. Vi tilbyr langvakter og vanlege vakter. Du vil få god opplæring frå våre fagleg dyktige tilsette.
Straume bu og servicesenter har deltatt i TØRN piloten «Oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning». Vi jobbar med løysingar for god oppgåvedeling, den gode vakta og kontinuitet i bemanning.
Arbeidsoppgåver:
Heilskapleg omsorg og pleie av våre brukarar
Ivaretaking av brukars individuelle behov
Delta på aktivitetar saman med våre brukarar
Medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
Kjenne til og etterleva gjeldande rutinar i vårt kvalitetssystem
Kvalifikasjonar:
Gyldig politiattest
Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Ønskjeleg med:
Erfaring frå arbeid innan eldreomsorg er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar:
Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
Du likar å jobbe saman med andre i team
Du har eit godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Du engasjerer deg og er positiv og imøtekommande med både brukarar og pårørande
Egna personlegdom vert vektlagt
Anna:
Søkjarar vert kontakta fortløpande dersom det er aktuelt med intervju
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Tett og god leiarstøtte
Gode bussforbindelser og gratis parkering rett ved senteret
Kontakt: Avdelingsleiar Astrid Geitle: tlf: 913 19 622Avdelingsleiar Heidi R. Endal: tlf: 919 11 187Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Helen Ågotnes
+47 93093183
helen.agotnes@oygarden.kommune.no
Om bedriften
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.