Studentsamskipnaden på Vestlandet - Sammen
Parkveien 1, 5007 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Studentrådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest tirsdag 2. september
Om stillinga
Vi har ledig vikariat som studentrådgjevar i Saman Velferd Sogndal, frå 1.1.26 - 30.9.26, med høve til forlenging.
Saman Velferd har hovudkontor og leiing i Bergen, men kontorarbeidsstaden vil vere ved Campus Sogndal, Fosshaugane.
Oppgåvene vil være mange og varierte med fokus på rettleiing og oppfølging av studentar, kurs og førebyggande verksemd, samt å vere kontaktperson ut mot våre mange samarbeidspartnarar. Stillinga er delt 50/50 mellom to arbeidsfelt: Psykisk Helse og Studentliv.
Lønnsspenn fra 630.000- 690.000.
Saman Psykisk Helse har som hovudoppgåve å bidra til at studentar har god helse, trivsel og opplever meistring av studiet. Dette blir gjort gjennom individuelle samtalar og ulike grupper, tilbod om kurs og seminar. Tilbodet til studentane omfattar psykisk helsehjelp og rådgjeving som skal ha fokus på førebygging i samarbeid med utdanningsinstitusjonane.
Tenesta er eit lågterskeltilbod og har som mål å møte studentar sitt behov for kontakt og hjelp utan lang ventetid. Det krevst ikkje at kandidaten har fordjuping innan spesifikke områder, men det vert forventa god breidde i interesse og kompetansefelt. I tillegg til eigne tilsette vert det leigd inn psykolog som jobbar for oss.
Saman Studentliv er vår teneste til studentfrivilligheit og studentar med verv. Vi gir rettleiing, held kompetansehevande kurs og samarbeider med studiestadane. Rådgjevaren skal vere med på å skape gode rammer og vilkår for å drive studentforeiningsarbeid i regionen.
Oppgåver innanfor andre avdelingar kan verte gjeldande i periodar. Noko av dette kan gå føre seg på ettermiddagstid.
Vi ønskjer å vere til stades for studentane på campus, og har difor ikkje ei fast ordning for heimekontor. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver
Individuell rettleiing og oppfølging av studentar
Arrangere/haldeføredrag/kurs for studentar innan psykisk helse, studiemeistring og organisasjonsdrift
Bidra i vidareutvikling av tenesta
Bidra til kompetanseheving og organisasjonsutvikling i studentforeningane
Halde tett dialog med samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar som blir vektlagt
Relevant høgare utdanning
Erfaring som rådgjevar/ rettleiar
Erfaring som formidlar og kurshaldar
Kjennskap til høgare utdanning
Erfaring med organisasjonsdrift og frivilligheit
Likar å ta initativ og ansvar
Interesse for digitalisering og bruk av digitale verktøy
Me tilbyr
Ansatthytte på Kvamskogen
Betalte fridagar mellom jul og nyttår og i påsken
Gode forsikringsordningar
Personlege eigenskapar
Gode kontaktskapande evner
Glad i å omgå andre menneske
Strukturert og sjølvstendig
Gode samarbeid -og kommunikasjonsevner
Like å veksle mellom ulike arbeidsoppgåver gjennom arbeidsdagen
God munnleg og skriftleg kommunikasjon
Trygg og roleg i pressa situasjonar
Kontaktpersoner for stillingen
Øystein Sandven
Avdelingsleiar Psykisk Helse
+4793263776
oystein.sandven@sammen.no
Ingvill Thorkildsen
Avdelingsleiar Studentliv
+4793262832
ingvill.thorkildsen@sammen.no
Om bedriften
Studentsamskipnaden på Vestlandet driv bustader, barnehager, treningssentre, kafear, helsetilbod samt karriere- og rådgivningstjenester for 40 000 studentar.
Vi er eit sjølvstendig selskap som rapporterer til Kunnskapsdepartementet. Vi skal saman med utdanningsinstitusjonane tilby studentane på Vestlandet eit godt og tilpassa velferdstilbod.
Vi er lokalisert i Bergen, Sogndal, Førde, Haugesund og på Stord og har over 500 ansatte som kvar dag jobbar for at studentane skal ha eit godt velferdstilbod.
Vår visjon er "Gode studentliv for en ansvarlig fremtid".
Verdi: VI BRYR OSS!
Saman som organisasjon er oppteken av mangfald, likestilling og inkludering, og vi ønskjer å skape eit arbeidsmiljø der alle skal oppleve at dei har like moglegheiter og føler seg ivaretekne og verdsette.
Sektor
Privat
Nettsted
https://www.sammen.no/no
Annonsedata
Stillingsnummer
8e9171df-0a20-4eec-8286-bfe4edfca134
Hentet fra
jobbnorge
Referanse
10260112