Studiekonsulent (førstekonsulent) - vikariat

Universitetet i Bergen
Vestland
3 uker siden

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Studiekonsulent (førstekonsulent) - vikariat

Vil du vere med på vidareutvikling av våre ettertrakta og samfunnsaktuelle studieprogram? Og kva med saksbehandling og rettleiing av våre mange dyktige informatikkstudentar? Då må du søke på Institutt for informatikk sin ledige vikarstilling som studiekonsulent! Vikariatet gjeld i første omgang til og med 31.12.2025, men kan bli forlenga.

Som del av vår studieseksjon blir du med i eit solid og velfungerande lag med ein studieleiar og fem studiekonsulentar som jobbar direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for sakshandsaming, rettleiing og utvikling knytt til våre utdanningstilbod. Du blir også med i det godt etablerte nettverket for studieadministrative medarbeidarane ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, og dei andre tilhøyrande institutta.

Studiekonsulenten rapporterer til administrasjonssjefen. Studieseksjonen tilhøyrar instituttadministrasjonen med til saman 13 medarbeidarar, leia av administrasjonssjefen. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, fagdidaktikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. I tillegg har vi Center for Data Science (CEDAS), Energy Informatics lab. Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spel i samfunnet, er instituttet stadig i vekst. Vi har nå om lag 1000 studentar og 150 tilsette, deriblant 34 professorar/ førsteamanuensar.

Arbeidsoppgåver:

Du vil få varierte arbeidsoppgåver innan studieadministrasjonen, mellom anna:

  • Koordinering av undervisning i emnet INF100, Innføring i programmering. Emnet har omlag 600 studentar i snitt pr semester, og er med dette eit av de største emna ved UiB.
  • Rekruttering og koordinering av studentmedarbeidarar til undervisningsassistanse og til studentane si "orakelteneste".
  • Timeplanlegging av emnar
  • Bidra i eksamensarbeidet, inkl. klagesaker, som del av eksamensteamet ved instituttet
  • Sekretærfunksjon for hovudprogramstyret for studieprogramma i informatikk
  • Anna saksbehandling, utgreiing, og utviklingsoppgåver kan også verte aktuelt

Oppgåveporteføljen i stillinga kan verte endra over tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du må ha:

  • utdanning på bachelorgrads nivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • god digital kompetanse og evne til å tileigne deg nye ferdigheiter
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk, nynorsk og engelsk

Det er ein føremon om du også har:

  • relevant praksis innan sakshandsaming og rettleiing
  • kjennskap til dei felles studieadministrative systema på universitetet
  • erfaring frå universitets- og høgskulesektoren

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, mellom anna:

  • evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • å vere fleksibel, initiativrik og problemløysingsinnstilt
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn mellom kr. 535 800,- til kr. 575 000,-, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar for studieseksjonen / fungerande administrasjonssjef, Eirik Rekve Thorsheim.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med seniorkonsulent Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.

Spørsmål om stillinga

Eirik Rekve Thorsheim

eirik.thorsheim@uib.no


Søknadsfrist

23. juni 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Vikariat/mellombels

Arbeidsstad

Allegaten 41, 5007 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

Apply
Other Job Recommendations:

Saksbehandler / førstekonsulent

Oslo kommune
Oslo
  • Kartlegging, utredning og saksbehandling av søknader i...
  • Deltakelse i ansvarsgruppemøter, samarbeid med innbyggere,...
3 uker siden

Førstekonsulent turnus

DeepOcean
Norge
Vi søker ny medarbeider som ønsker å bidra til et viktig samfunnsoppdrag, som ser løsninger framfor begrensninger, som tar...
3 uker siden

LIS 2/3 i patologi, vikariat

Helse Stavanger HF
Rogaland
  • Arbeidsoppgaver som beskrevet i utdanningsprogram for...
  • Genuint interessert i å jobbe som patolog Evne til å jobbe...
2 uker siden

Helsefagarbeider 65,7% - Vikariat

Oslo kommune
Oslo
Villa Eik miljøarbeidertjeneste er organisert under avdeling Bolig og Dagtilbud i Bydel Bjerke Villa Eik miljøarbeidertjeneste...
2 uker siden

Universitetslektor innen sykepleie, vikariat

OsloMet - Storbyuniversitetet
Akershus
Vi søker deg som tar en aktiv rolle i sykepleierutdanningen ved å vise engasjement og et ønske om å bidra til å utdanne fremtidige...
2 uker siden