Salhusvegen 201, 5107 Salhus, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Konservator Tekstil
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk senest torsdag 4. september
Om stillinga
Vil du vere med på å utvikle eit stort konserveringsfagleg miljø i Vestland?
Bevaringstenestene har no ei ledig fast 100 % stilling som tekstilkonservator.
Bevaringstenestene er ei avdeling i MUHO (Museumssenteret i Hordaland), eit konsolidert museum med fem avdelingar. Her arbeider 52 dyktige medarbeidarar i faste stillingar, i tillegg til omlag 40 time- og sesongtilsette.
Avdelinga har om lag 14 årsverk fordelt på samlingsforvaltarar og konservatorar med spesialisering innan førebyggjande og direkte konservering av mellom anna tekstil, møblar, metall, glas og keramikk, samt administrativt personale og drift.
Saman med Vestland fylkeskommune planlegg vi eit nytt samlingssenter med moderne magasin, flotte konserveringsatelier og kontor.
Den som vert tilsett vil hovudsakleg arbeide med oppdragsbaserte konserveringstenester for eksterne kundar, men vil òg delta i våre fellestenester. Der samarbeider vi med tilsette ved dei ulike musea i Vestland for å betre tilhøva for samlingane – i magasin, utstillingar eller historiske interiør.
Vi søkjer deg som er motivert for å arbeide i eit spennande fagmiljø innan direkte og førebyggjande konservering i vekst og utvikling.
Vi har medarbeidarar frå fleire ulike land, og arbeidsspråket er både norsk og engelsk.
Arbeidsstad er Salhus (ca. 20 km nord for Bergen sentrum), men stillinga inneber arbeid ute i musea og hos eksterne kundar etter behov. Ein del reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsoppgåver
Direkte konservering av tekstilar
Utarbeiding av utlånsrapportar i samband med utstillingar, samt pakking og montering av tekstilar
Tilstandsvurdering, fotografering og pakking av tekstilar for magasinering
Tilstandsvurdering av tekstilar i kyrkjer
Reingjering av historiske interiør (såkalla housekeeping)
Halde praktiske og teoretiske kurs for museumstilsette, kyrkjeeigarar og andre oppdragsgjevarar
Det er ein fordel om du har interesse for konservering av plast og andre moderne materiale
Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg over tid i takt med behova til oppdragsgjevarane våre
Kvalifikasjonar
Bachelor eller mastergrad innan tekstilkonservering
Relevant erfaring frå museum eller oppdragskonservering
Meistrar eit nordisk språk og/eller flytande engelsk, munnleg og skriftleg
Framandspråklege må lære seg norsk innan to år
Kjennskap til Office-program, gjenstandsfotografering og enkel fotoredigering
Erfaring med Primus eller liknande databasar er ein fordel
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Førarkort klasse B
Må vere komfortabel med arbeid i høgda (stillas eller stige)
Stillinga har krav om vandelsattest
Vi ser etter deg som:
Arbeider raskt og nøyaktig
Har gode praktiske ferdigheiter innan konservering
Er kunnskapsdelande og samarbeidsvillig
Kommuniserer godt med kundar og samarbeidspartnarar
Er strukturert, held tidsfristar og disponerer tida godt
Er open for endringar og nye oppgåver
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
Ei spanande og utfordrande stilling i eit unikt museumsmiljø
100 % fast stilling
Norskkurs for framandspråklege dei to første åra
Dekking av visumsøknadskostnader ved behov
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter avtale/tariff: 535.000–610.000 NOK, avhengig av kvalifikasjonar
Ein mangfaldig og inkluderande arbeidsplass
Kontaktpersoner for stillingen
Lene Sollesnes Holum
HR leder
+4799242207
lene.sollesnes.holum@muho.no
Torunn Kojan Bøe
Avdelingsleiar
+4790920987
torunn.boe@muho.no
Om bedriften
Bevaringstenestene er ei avdeling i MUHO som arbeider for dei konsoliderte musea i Vestland, og tek oppdrag for kyrkjer, museum, private og offentlege verksemder i heile landet.
Vi arbeider for å betre tilhøva for samlingane gjennom reorganisering av magasin, rengjering av historiske interiør, opplæring i IPM, dokumentasjon, flytting av samlingar og utarbeiding av verdiberedskapsplanar. Vi held kurs i relevante tema.
Vi tilbyr konservering av tekstil, metall, glas, keramikk, tre, lær og pels, samt rådgjeving og tilstandsvurderingar. Kurs innan handtering, mugg og helsefarlege stoff er òg ein del av tilbodet.
MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Vestland.
Vi held til i: Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta
Osterøy: Osterøy museum og Havrå
Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter
Vi formidlar ikkje berre historie – vi viser, lærer bort og utfører tradisjonelle teknikkar innan handverk, industri og gardsdrift.