Storegutvegen 48, 3895 Edland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - Tilkallingsvikar
Oppstart
17. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest fredag 22. august
Vil du vera tilkallingsvikar ved Edland skule?
Edland skule er ein 1–10-skule med omlag 80 elevar, og ligg sentralt til i vakre Vinje kommune. Me har eit trygt og inkluderande læringsmiljø med engasjerte elevar og eit godt fagleg og sosialt kollegium.
For skuleåret 2025–2026 har me behov for tilkallingsvikarar, både på barnetrinnet og ungdomstrinnet. Det kan også vera behov for vikarar på SFO. Me søkjer etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, som vil jobbe hjå oss skuleåret 2025-2026.
Dette er ei ope utlysing og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Tilkallingsvikar for kortare og lengre fråver
Undervisning på 1.-10. trinn
Aktivt bidra til å byggje laget kring elevane
Delta på relevante møte
Delta på skulens utviklingsarbeid
Assistent på SFO i skuletida og i feriar
Andre relevante oppgåver i skulen, som til dømes inspeksjon
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter deg som har erfaring frå arbeid med born og unge, gjerne som har godkjent utdanning, men dette er ikkje eit krav til stillinga. Det er ein fordel om du har jobba på skule tidlegare, men alle er i utgangspunktet velkomne til å søkje på stillinga om du tenker du er skikka til jobben.
Personlege eigenskapar
Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar
Du har eit positivt elev- og menneskesyn
Du likar å vera aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik
Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
For lærarvikarar må du planleggje og gjennomføre undervisning
Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar
Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane
Du likar å lære nye oppgåver
Vi tilbyr
Ein god skule som har eit godt arbeidsmiljø, høg kompetanse og stort engasjement
God forsikrings- og pensjonsordning
Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Edland skule ligg øvst i Vinje nær Haukelifjell / Bykleheia. Edland skule er ein 1–10 skule med 80 elevar. Skulen arbeider for eit trygt, godt og inkluderande skule- og læringsmiljø der elevane skal oppleve meistring og trivsel.
Skulen har som mål å ha lærande og inkluderande fellesskap for alle elevar og vaksne. Me arbeider for eit positivt elevsyn med mål om at skulen skal vera ein god stad å vera og lære. Edland skule har fokus på klasseleiing og lesing i utviklingsarbeidet, og nyttar fysisk aktiv læring og nærværstrening som støtte og hjelp til å nå livsmeistringsmålet som er Vinje Oppvekst si hovudsatsing.