Vinjevegen 212, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar og helgestilling
Oppstart
14. september 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk senest onsdag 17. september
Vinje sjukeheim søkjer tilkallingsvikarar!
Me treng fleire vikarar på dei ulike gruppene. Me søkjer etter deg som kan stille opp på kort varsel, eller som har moglegheit til å jobbe på ettermiddagar og helg. Dette er ein fin moglegheit til å få erfaring for deg som vurderer utdanning innanfor helse. Me har også ledige helgestillingar i ulike prosentar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Vinje sjukeheim har tre langtidsavdelingar og ei kortidsavdeling, med til saman 34 plassar. Langtidsavdelinga med sine 25 plassar er delt inn i tre grupper, deriblant ei skjerma avdeling for personar med demens. Kortidsavdelinga består av 9 plassar, der 2 av plassane er akuttplassar for Tokke og Vinje kommune. Ved Vinje sjukeheim skal me sørge for at innbyggjarar i Vinje med behov for heildøgnspleie, meistring og omsorg mottar eit best mogleg tilbod, og der me jobbar kontinuerleg med å auke kvaliteten i tenesta.
Arbeidsoppgåver
Omsorg og pleie til sjukeheimsbebuarane
Miljøtiltak ovanfor bebuarane
Praktiske oppgåver i avdelinga, som smøring av mat, oppvask, rydding o.l
Kvalifikasjonar
Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig
Du er fleksibel og kan samhandle godt med bebuarar, pårørande og kollegaer
Du har gode samarbeidsevner og er ein positiv lagspelar som bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
Du tar initiativ og ynskjer å lære
Du har interesse for eldreomsorg
Du snakkar og forstår norsk godt
Du er stabil
Personleg eignahet vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Du har fagbrev som helsefagarbeidar
Du er elev/student innan helsefag og ynskjer arbeidserfaring
Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim
Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar, tilsvarande nivå B2
Me tilbyr
Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
God forsikrings- og pensjonsordning
Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Referansenr.: 5005815029
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 15.09.2025
Søknadsfrist: 17.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Hanne Kristin Finkenhagen
Avselingsleiar langtidsavdelinga
+47 99 25 16 24
hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no
Om bedriften
Vinje sjukeheim har eit godt tverrfagleg team rundt seg, i samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut, demenskontakt, kjøkkenassistentar og frivillige. Me har ei god samansetning av godt erfarne pleiarar, og yngre og nyutdanna krefter.
Langtidsavdelinga på sjukeheimen består av 25 sengeplassar fordelt på 3 grupper. 13 plassar er tilrettelagt for personar med kognitiv svikt og demens. Ei langtidsavdeling med 12 sengeplassar, der pasientane får pleie og stell gjennom heile døgnet. Det er legevisitt tre dagar i veka av fast tilsynslege.