UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor
Velkomen som søkjar til mellombels stilling som universitetslektor (kode 1009) i Språkkunnskap ved Det humanistiske fakultet for perioden 20. august – 31. desember 2025, eller så nær dette tidsrom som mogleg. Det er i utgangspunktet ledig 100 % stilling, men det er mogeleg å dele i to 50 % stillingar dersom den som blir tilsett berre ønsker 50 % stilling.
Om Det humanistiske fakultet og Institutt for filosofi og førstesemesterstudium
Det humanistiske fakultetet har sju einingar: fire institutt, to sentre og fakultetsadministrasjonen. Emnet Språkkunnskap blir administrert av Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, og den/dei som blir tilsett får sin arbeidsplass ved dette instituttet.
Arbeidsoppgåver:
Undervisning, rettleiing og sensurarbeid i emnet Språkkunnskap, som er eit innføringsemne i grunnleggjande lingvistikk og fonetikk for førstesemesterstudentar. Undervisninga vil gå føre seg som seminarundervisning i grupper med ca. 25 studentar, med eitt seminar per veke gjennom semesteret.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Norsk mastergrad eller tilsvarande i lingvistikk eller språkfag.
- Erfaring med undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå er ønskeleg.
- Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande er ein føremon.
- Gode norskkunnskapar.
- Gode engelskkunnskapar.
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd i vurderinga.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar vil ein vurdere å tilsetje kandidat(ar) med bachelorgrad i lingvistikk eller anna språkfag. Den/dei blir då tilsett som øvingslærar (kode 1007)
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten.
Den som blir tilsett må retta seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- For universitetslektor brutto årsløn tilsvarande kr. 625 500 til 665 500 for full stilling (kode 1009). For øvingslærar brutto årsløn tilsvarande kr. 568 700 – 582 700 for heil stilling (kode 1007). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev.
- CV.
- Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon av originalar eller attesterte kopiar).
- Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle).
- Eventuelle evalueringsrapportar eller anna tilbakemelding for eiga undervisning.
- Namn og kontaktinformasjon for to referansepersonar (her vil personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar vere særleg relevante).
- Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Vi gjer merksam på at søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Aktuelle kandidatar vil bli inviterte til intervju medio august.
Følg denne lenka for meir informasjon om tilsetjingsprosessen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Steinar Thunestvedt på e-post Steinar.Thunestvedt@uib.no.
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Søknadsfrist: 04.08.2025.
UiB-id: 25/8356.
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter.
Søknadsfrist
4. august 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Omfang
Heiltid
Varigheit
Vikariat/mellombels
Arbeidsstad
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen