Jobbspesialist // Arbeid med støtte //Nav Bergen sentrum
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Jobbspesialist / rådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk senest søndag 31. august
Har du trua på at alle menneske kan få og behalde ein vanleg jobb? Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som vil jobbe med inkludering og rekruttering? Er du ein person som er god på tydeleg kommunikasjon? Då kan du vere den personen vi ser etter.
Vi søker tre motiverte jobbspesialistar med stort pågangsmot og som vil bli del av eit engasjert og nyskapande miljø. Avdelinga Arbeid med støtte har ledig tre faste stillingar som jobbspesialist frå 1. oktober 2025.
Arbeid med støtte er eit arbeidsretta oppfølgingstiltak i Nav, og som jobbspesialist vil du spele ei sentral rolle i å hjelpe våre brukarar med å finne og halde på arbeid. Som jobbspesialist vil du følge opp deltakarar etter Supported Employment-metodikk, ein metodikk som har svært gode resultat å vise til. Målgruppa for tiltaket er menneske som har behov for individuell bistand for å få og behalde vanleg, løna arbeid til tross for ulike utfordringar.
Avdelinga består av 24 dyktige og engasjerte jobbspesialister, som er lokalisert i fire team fordelt på alle Nav-kontora i Bergen. Avdelinga jobbar tverrfaglig med utgangspunkt i kvar enkelt brukar sine behov. Hos oss vil du bli møtt av eit stort, engasjert og inkluderande fagmiljø, der vi er opptekne av å levere heilskaplege tenester av god kvalitet. Samarbeid, kunnskapsdeling, kompetanseutvikling og fleksibiliteter viktig i vårt arbeid. Vi gleder oss til å få deg med på laget!
Kontorstad for alle stillingane vil vere Nav Bergen sentrum, men avdelinga leverer tenester til heile region Bergen.
Arbeidsoppgåver
Kartlegge deltakarane sine interessar, sterke sider, eigenskapar og evner, og leggje ein plan for vidare prosess mot jobb
Bruke mykje av arbeidsdagen til å oppsøkje bedrifter og byggje nettverk med desse
Følge opp deltakarar på arbeidsplassen og involvere aktuelle samarbeidspartnarar
Engasjere og motivere både deltakarar, arbeidsgjevarar og kollegaer
Ha ansvar for framdrift i eigen portefølje – dokumentere og rapportere arbeidet i eige fagsystem
Aktivt bidra til å nå vårt målkrav om 65 % overgang til løna arbeid
Kvalifikasjonar
Desse kvalifikasjonane må du ha i stillinga
Utdannning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet om utdanning.
Interesse for arbeidsmarknaden og arbeidsmarknaden sine behov
God kommunikasjonsevne på norsk, både skriftleg og munnleg
God digital kompetanse
Desse kvalifikasjonane er det ein fordel om du har
Erfaring med inkludering, rettleiing og rekruttering
Erfaring med karriereveiledning og samtalemetodikk
Kjennskap til Supported Employment-metodikk
Vi ser etter deg som
Kommuniserer godt med ulike menneske
Har evne til å skape gode relasjonar
Strukturerer arbeidsdagen din på ein god måte
Har god arbeidskapasitet
Er god til å handtere uventa hendingar
Vi tilbyr
Ein spennande og attraktiv jobb i eit fagmiljø prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
Eit arbeidsmiljø med gode og inkluderande kollegaer og med fokus på utvikling
Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
Stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar med lønspenn frå kr. 595 000 til kr. 635 000 per år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Unni Andersen, Regional avdelingsleder, 45774545, unni.andersen@nav.no
Arbeidsstad
Møllendalsveien 8
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: NAV
Referansenr.: 5003342146
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Unni Andersen
Regional avdelingsleder
45774545
unni.andersen@nav.no
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.