Vi søker deg som er likar å jobbe med barn og praktiske oppgåver. Du ønsker å gjere kvardagen til barna i barnehagen trygg og stabil. Ved å tilsette eigne vikarar, ønsker vi at barna i barnehagane våre i størst mogleg grad skal treffe tilsette som dei kjenner, og som er motivert til å jobbe med barna si utvikling og læring.
Helse Bergen har eit eige Bemanningssenter som leverer eigne vikarar, både innan helsetenester og driftstekniske tenester. Bemanningssenteret søker etter tilkallingsvikarar som barnehageassistent.
Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, og stillinga inneber at ein ved behov skal arbeide ved alle dei 4 barnehagane til sjukehuset.
Den som blir tilsett må pårekne vakter med ulike start- og sluttider. Tidlegaste start er 06.45 og seinaste slutt er 17.00. Vi ser etter deg som likar varierte arbeidsoppgåver og har erfaring frå barnehage. Vi søker deg som set store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Samhandling med tilsette og barn krev gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner.
Oppstart i stillinga vil vere frå snarast. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen. Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.
07.09.2025
Helse Bergen HF
Tilkallingsvikarar som barnehageassistent
5006495622
Arbeidsoppgåver
- Arbeid som barnehageassistent i alle dei fire barnehagane våre
- Bidra til at barna får god omsorg, læring og utvikling
- Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift i dei ulike avdelingane i barnehagen
- Følgje den daglege rytmen til dei ulike avdelingane i barnehagen
- Arbeid både på små- og storbarnsavdelingar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå barnehage
- Gode norskkunnskapar
- God kunnskap om hygiene
- Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og fleksibel - like omskiftande arbeidsstader
- Meistre varierte arbeidsoppgåver
- Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Evne å setje deg inn i dei ulike barnehagane sine rutiner og planar
- Vise initiativ og ha evne til å sjå kva som må gjerast
- Like å treffe nye kollegaer, barn og foreldre
- Helse til fysisk krevande arbeid
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i gode fagmiljø med hyggelege kollegaer
- God opplæring
- Lønn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
5009 Bergen
Norge
5096 Bergen
Norge
5036 Bergen
Norge
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.