Vi søkjer engasjert og dyktig assistent til vår montessoribarnehage
DeepOcean
Buskerud
Full time
3 uker siden
Hildre Montessoribarnehage As
Hildredalsvegen 40, 6272 Hildre, Haram, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
1.august 2024 vart det starta opp montessoribarnehage på Hildre. Til hausten er vi 14 store barn og 7 på småbarn, vi søkjer i dette høvet etter fagarbeidar/assistent. Hildre Montessoribarnehage er ein barnehage som følgjer Maria Montessori sine pedagogiske prinsipp. Barnehagen ligg i eit område med mykje fin natur og tilhøva ligg til rette for at ein kan bruke det omkringliggande miljøet aktivt i kvardagen. Dette er den første montessoribarnehagen på Sunnmøre. Her vil du bli ein del av eit større montessorimiljø gjennom Hildre Montessoriskule, i tillegg til eit engasjert lokalmiljø med stor iver for sin lokale barnehage.
Stillingstittel
Barnehageassistent
Oppstart
3. august 2025
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Send søknad til
erin.hildre@hildreskule.no
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
Fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidarfag og/eller erfaring innan barnehage
Erfaring innan montessoribarnehage, eventuelt interesse og nysgjerrigheit for montessoripedagogikk
Godt norsk språk både munnleg og skriftleg er viktige
Personlege eigenskapar
Du er fleksibel, løysingsorientert og har eit ønske om å yte litt ekstra for ein nyoppstarta barnehage
Du har gode samarbeidsevner, er open, inkluderande, skaper tillit og engasjement
Du har gode kommunikasjonsevner i møte med både barn, foreldre og kollegaer.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Arbeidsoppgaver
Vere ein aktiv, leiken og observant vaksen som ser enkeltbarnet i gruppa
Bidra til å gje barna ein trygg og god barnehagedag ved å vere ein varm og tydeleg vaksen
Vere med på å ta i vare og jobbe utifrå prinsippa i montessoripedagogikken
Vi tilbyr
Vi tilbyr
100% fast stilling
Lønn etter gjeldande tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utfordrande og spennande oppgåver
Eit miljø med engasjerte kollegaer, føresette og barnehageeigarar
Høve til å bli del av eit større montessorimiljø på Hildre
Høve for utdanning innan montessoripedagogikk
Det krevjast godkjend politiattest for arbeid i skulen.
Kontaktperson for stillingen
Erin Nicoline Hildre
Dagleg leiar/styrar
90291342
erin.hildre@hildreskule.no
Om bedriften
1.august 2024 vart det starta opp montessoribarnehage på Hildre. Til hausten er vi 14 store barn og 7 på småbarn, vi søkjer i dette høvet etter fagarbeidar/assistent.
Hildre Montessoribarnehage er ein barnehage som følgjer Maria Montessori sine pedagogiske prinsipp. Barnehagen ligg i eit område med mykje fin natur og tilhøva ligg til rette for at ein kan bruke det omkringliggande miljøet aktivt i kvardagen.