Om stillinga
VI tilbyr fast stilling i vår Allmennpsykiatriske poliklinikk
Folgefonn Distriktspsykiatriske Senter (DPS) har ansvaret for TSB og allmennpsykiatriske spesialisthelsetenester innan rus og psykiatri i kommunane Kvinnherad og Ullensvang. Vi betener eit befolkningsgrunnlag på om lag 20 000 vaksne innbyggjarar.
Våre poliklinikkar i Valen og Odda består av eit tverrfagleg team med psykologspesialistar, psykiatrar, LIS legar, spesialsjukepleiarar, sosionomar, vernepleiar, musikkterapeut og fysioterapeutar. I Odda har vi også ansvar for LAR-utdeling.
E-Behandling er under etablering ved Folgefonn DPS og i stillinga vil det også vera oppgåver og ansvar for digital oppfølgjing av pasientar i opptaksområdet.
Folgefonn DPS har i tillegg til allmennpsykiatrisk poliklinikk, ein TSB poliklinikk og eit FACT team som tilbyr ambulant behandling og er i dag samla i ei eining under felles leiar. Det kan verta aktuelt med noko ambulering mellom lokasjonane Odda og Valen. I poliklinikken er det også tilbod om gruppebehandling.
Ein døgnpost med 12 døgnplassar på Valen med godkjenning for tvunge psykisk helsevern er samlokalisert med poliklinikkane.
Det er gode samarbeidstilhøve med døgnavdeling, ambulant eining og kommunehelsetenesta med sikte på å tilby eit heilskapleg behandlingstilbod.
Vi ser frem til å motta din søknad!
Ta gjerne turen innom: Hardanger (hardangerfjord.com) for å lese meir om flotte Hardanger.
Nøkkelinformasjon
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av personar med psykiske- og/eller rus lidingar
- Samarbeid og rettleiing av personell
- LAR behandling
- e-Behandling
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Offentleg godkjent sjukepleiar, annan relevant høgskuleutdanning kan verta vurdert
- Vidareutdanning i psykisk helse og rus
- Tilleggsutdanning og erfaring frå arbeid innan rusbehandling er ønskeleg
- Relevant erfaring og praksis.
- Gode datakunnskaper
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- kan arbeida sjølvstendig og i team
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er initiativrik, engasjert, reflektert og løysningsorientert
Personlege eigenskaper vert vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Løn etter gjeldande avtale mellom NSF og Helse Fonna HF.
- Gode løns- og arbeidsvilkår.
- Fleksibel arbeidstid om ønskjeleg.
Adresse: Folgefonn DPS, Sjukehusvegen 13, 5451 Valen, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.